Se børstabell for Nordvestlandet under saka
Sparebanken Vest la onsdag fram tala for 2. kvartal som viser eit solid resultat og auka renteinntekter.
Resultat før skatt enda på 1.030 millionar i kvartalet – opp frå 720 millionar kroner året før. Banken hadde ein eigenkapitalavkastning på meir enn 15 prosent, viser børsmeldinga.
Som fleire andre bankar har vestlandsbanken ei auke i renteinntektene som følgje av utlånsvekst og høgare rentenivå. Renteinntektene i kvartalet auka til drygt 1,2 milliardar, opp frå 930 millionar kroner same periode i fjor.
I kvartalsrapporten skriv Sparebanken Vest at dei vurderer ekstra utdeling til eigarane i haust. I fjor fekk eigarane av bankens eigenkapitalbevis utdelt drygt 1,1 milliardar – 5,50 kroner per bevis.
Sparebanken som har meir enn 60 prosent av kundane sine i Vestland fylke, innleier resultatsesongen. Kursen steig 2,6 prosent på Oslo børs onsdag.
Seinare i veka kjem Sparebank 1 SMN og Sparebanken Møre med sine tal.
Hovudindeksen på Oslo børs steig kraftig i løpet av dagen. Ved stengetid var kursane opp 2,43 prosent til 1.256,06
Av aksjane frå Nordvestlandet hadde Statt Torsk ein rekyl etter nedgangen tidlegare i veka. Ved 15.30-tida var aksjen opp drygt 17 prosent - før den fall tilbake. Aksjen enda med ein oppgang på 3,70 prosent til 0,28 kroner.
Ingen andre av selskapa frå regionen hadde større endringar i kursen onsdag.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag | |
Statt Torsk | kr 0,28 | 3,70 % | |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,10 | 2,04 % | |
Hav Group | kr 10,25 | 0,99 % | |
Endúr | kr 39,90 | 0,76 % | |
Sparebanken Møre | kr 76,99 | 0,57 % | |
Havila Kystruten | kr 1,21 | 0,42 % | |
Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 3,08 | 0,33 % | |
Salmon Evolution | kr 6,64 | 0,30 % | |
Hexagon Purus | kr 18,86 | -0,42 % | |
Atlantic Sapphire | kr 4,90 | -1,11 % | |
Norva 24 Group* | 25,35 kr | -1,36 % | |
Arctic Bioscience | kr 9,78 | -1,61 % | |
Nortel | kr 26,40 | -2,22 % | |
Havila Shipping | kr 11,62 | -2,35 % | |
Hexagon Composites | kr 26,74 | -2,62 % | |
Hofseth Biocare | kr 2,97 | -3,88 % | |
* Kurs i SEK | |||
Publisert: 09.08.2023 15:39
Sist oppdatert: 09.08.2023 16:59