Eirik Kavli Ørskog Sparebank foto Ogne
Administrerande direktør Eirik Kavli i Ørskog Sparebank fortel at rentenettoen historisk sett har vore høgare enn den er i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Bankane tener meir på renta

Samtlege av bankane på Nordvestlandet har auka rentemarginen frå 2021.

Linn Antonie Vårdal Solheim
12.05.2023

– Vi hentar inn eit etterslep frå pandemiåra, fortel administrerande direktør i Ørskog Sparebank, Eirik Kavli.

Kort forklart er rentenetto, eller netto renteinntekter, differansen mellom inntektene og kostnadane bankane har på utlån av kapital og innskot. Det er eit viktig nøkkeltal, og kan gi ein god indikasjon både på kor lønsam banken si drift er, og kva for eit rentenivå ein som kunde kan forvente å få.

Ein høg margin samsvarer ofte med at banken tener gode pengar, og kan på same tid vitne om at kundane betaler relativt høge renter.

Års- og kvartalsmeldingane til bankane med verksemd på Nordvestlandet viser at samtlege har auka rentenetto både i kroner, og i andel av den gjennomsnittlege forvaltningskapitalen (GFK) frå 2021 til i dag (sjå tabell under).

Kunstig låg rentenetto under koronaåra
Når rentenettoen er høg kan dette indikere at ein høgare andel av kapitalen er investert i prosjekt med høgare risiko, og at kundane til banken har mindre pengar på bok.

– Låge renter var eit bidrag dei norske bankane hadde til fellesskapet i utfordrande tider. Vi hadde vel ein kunstig svak rentenetto under koronaen, kanskje, fortel Eirik Kavli frå Ørskog Sparebank.

Under, og i tida etter pandeminedstengingane såg vi at talet på konkursar stupte.

– Auken i rentemargin framstår som større enn den er. På ein måte kan ein seie at vi hentar inn et etterslep frå pandemiåra, der vi hadde fall i rentenetto. Rekna i prosentpoeng framstår det som ein meir dramatisk situasjon enn det faktisk er, seier Kavli.

Svak kronekurs byr på utfordringar
Det går godt i næringslivet i regionen om dagen, og bankane lokalt har dei siste åra opplevd relativt låge tap på utlån. I følgje næringa sjølv, ser dei framleis stor grad av optimisme og investeringsvilje blant sine kundar.

Med ein galopperande kostnadsvekst, konkursrekordar og ein auke i skatte- og avgiftsnivå for både privatpersonar og bedrifter, er det venta at situasjonen i åra framover blir ein annan.

Den låge kronekursen har den siste tida fått mykje av skulda for å drive inflasjonen. Svært mange bedrifter handlar i utanlandsk valuta, og når krona er svak får ein mindre valuta for pengane. Nyleg meldte mellom anna Widerøe i ei pressemelding at dei taper store summar på svak kronekurs, og slit med at drivstoff, fly og reservedelar må betalast i dollar.

Rentene bør ytterlegare opp
Ikkje uventa sette Norges Bank opp styringsrenta til 3,25 prosent i sitt siste rentemøte, og har varsla om ein ny renteauke i juni. I ein normalsituasjon plar ein auke i rente å bety at krona styrker seg, men dei siste månadene har vi hatt ein historisk svak kronekurs.

At vi på same tid har den høgaste styringsrenta på 15 år, gjer at er det eit utfordrande økonomisk farvatn å manøvrere i.

Ein rekke ekspertar har derfor teke til orde for å halde fram med auken av styringsrenta for å hindre ein ytterlegare kollaps av krona. Sjefsøkonom i Sparebank1, Elisabeth Holvik, er ein av dei.

Elisabeth Holvik Sparebank 1 Foto Ogne
Elisabeth Holvik, sjefsøkonom i Sparebank 1. Foto: Ogne Øyehaug

– Den svake krona er eit problem, og dette er ei utvikling som har skjedd over lang tid. Noreg har hatt høgare pris- og lønnsvekst enn konkurrentane våre, dette fører til svekka konkurranseevne. Skal ein bruke renta for å forsvare kronekursen må styringsrenta ein del opp frå dagens nivå, fortel Holvik.

– Renta er fortsatt lågare i Noreg enn i Europa, England og USA. Norges Bank bør seie at ein treng hjelp frå resten av den økonomiske politikken for å gjere det attraktivt for både norske og utanlandske investorar å investere i Norge. Ei av årsakene til dette er at vi i Noreg har sett at vi har fått et dårlegare investeringsklima, både med dei mange aukane i skattebelastning, og usikkerheit knytt til om det vil komme fleire, melder sjefsøkonomen.

Rentenetto i andel av forvaltningskapital
2021 I dag
Sparebank1 Nordmøre 1,50 % 1,77 %
Sparebank 1 Søre Sunnmøre 1,29 % 1,50 %
Sparebank 1 SMN 1,39 % 1,50 %
Romsdalsbanken 1,71 % 2,09 %
Ørskog Sparebank 1,69 % 2,01 %
Sparebanken Møre* 1,56 % 1,78 %
Sparebanken Vest* 1,44 % 1,73 %
Sparebanken Sogn og Fjordane* 1,46 % 1,99 %
DNB* 1,42 % 1,78 %

* Tal frå Q1-rapport for 2023

Publisert: 12.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 11.05.2023 23:32

Mer om