Oppdrett hofseth storfjorden 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Rett opp for lakseaksjar

Semje om lakseskatten sendte kursane oppover på børsen.

25.05.2023

Investorane reagerte positivt med ein gong det vart klart at regjeringa hadde sikra fleirtal for å grunnrenteskatten for oppdrettsbransjen.

Regjeringspartia, Venstre og Pasientfokus er samde om å redusere lakseskatten frå 35 til 25 prosent.

Fleire sjømataksjar steig kraftig like etterpå.

Ved børsslutt var både Salmar, Måsøval, Grieg Seafood, Lerøy Seafood og Austevoll Seafood opp meir enn ti prosent.

Sjømatindeksen fekk eit kraftig byks ved 13-tida og steig til slutt med 7,6 prosent.

Sjølve hovudindeksen fall med 0,2 prosent og enda på 1219,16 poeng.

Reagerer på tidspunktet
Forvaltar Jan Petter Sissner reagerer kraftig på tidspunktet nyheita vart kunngjord.

– Det er heilt utruleg at dei ikkje slepper nyheita utanfor opningstida til børsen. Men sånn går det når vi har ei regjering som ikkje skjønner seg på børssensitiv informasjon, seier han til Finansavisen

Trass i dette meiner han at endringane i skatten er fornuftige.

– Det var betre enn venta, så aksjane går som ein rakett. Men vi kjem ikkje til å kjøpe noko laks. Eg slit med å finne verdiar i sektoren no som prisane er så høge, seier han.

Torskeoppdrett dagens vinnar
Også aksjekursen for Statt Torsk – som ikkje er omfatta av grunnrenteskatten – spratt oppover etter nyheita.

Det gjorde at opprettselskapet blei torsdagens børsvinnar av selskapa frå Nordvestlandet.

Også Atlantic Sapphire som driv med landbasert oppdrett, gjekk opp.

Hav Group-aksjen fall med nær ti prosent tidleg på dagen, etter at selskapet hadde levert ein kvartalsrapport som viste underskot og lågare aktivitet.

Utover dagen henta aksjen seg inn og kursen enda på 9,28 kroner – og eit fall på drygt fem prosent.

Arctic Bioscience vart taparen av selskapa frå regionen på Oslo børs, med eit fall på nær sju prosent til 9,5 kroner aksjen.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk 0,568 10,94 %
Atlantic Sapphire 5,38 6,32 %
Hofseth Biocare 3,22 1,90 %
Nortel 35,2 1,73 %
Hexagon Purus 22,35 1,59 %
Hexagon Composites 28 1,30 %
Endúr 41,9 1,21 %
Salmon Evolution 7,24 0,42 %
Sparebanken Møre 75,16 0,36 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3 0,00 %
Golden Energy Offshore Services 1,058 -0,19 %
Havila Kystruten 7 -0,85 %
Norva24 Group * 27,7 -1,42 %
Havila Shipping 15,3 -2,92 % |
Hav Group 9,28 -5,31 %
Arctic Bioscience 9,5 -6,86 %

Publisert: 25.05.2023 16:50

Sist oppdatert: 25.05.2023 23:02

Mer om