Gunnar Larsen Hav Group 4 Q 22 skjermbilde
KVARTALSTAL: Hav Group-sjef Gunnar Larsen la torsdag fram tal for 1. kvartal 2023. Skjermfoto
Nytt

Minus etter lågare aktivitet

Kursras for Hav Group trass i tjukkare ordrebok.

Marius Rosbach
25.05.2023

Hav Group la torsdag fram tall for første kvartal som viser lågare aktivitet, samanlikna med same periode i fjor. Inntektene enda på 110 millionar – ned frå 198 millionar kroner i første kvartal i fjor.

Investorane reagerte negativt då handelen kom i gang på Oslo børs, og ved 10-tida var kursen ned med nær ni prosent. Berre eitt selskap hadde dårlegare kursutvikling på det tidspunktet.

Aksjekursen på 9,8 kroner på det tidspunktet, prisar selskapet til knappe 310 millionar kroner.

Mindre å gjere i fleire marknader
Driftsresultatet for Hav Group enda med minus 15,7 millionar for kvartalet. Resultatet i same kvartal i fjor var eit overskot på drygt 8 millionar kroner.

Konsernet opplyser at det er mindre å gjere i fleire marknader. Likevel har dei valt å halde alle tilsette i arbeid for å levere på kontraktar og utnytte moglegheitene, blir det opplyst.

Også siste kvartal i fjor enda med minustal for Hav Group.

Auka ordrinngang
Ordreinngangen i første kvartal var på 240 millionar – ei auke frå 234 millionar frå første kvartal i fjor. Det gjorde at den totale ordreboka ved utgangen av kvartalet var på 614 millionar – ei auke på nær 50 prosent samanlikna med same tidspunkt i fjor.

Hav Group held på forventingane om driftsinntekter på 1,3 milliardar kroner i 2025, opplyser selskapet i børsmeldinga.

Havvind og hydrogen
Mellom milepålane i førre kvartal var eit gjennombrot på den amerikanske vindskipmarknaden og godkjenning av eit hydrogensystem om bord på skip.

Hav Group-sjef Gunnar Larsen fortel at dei fekk ein rekke førespurnader kring det nye hydrogensystemet, men så langt er det ikkje resultert i kommersielle avtaler.

Hav
Group ASA
1. kvartal. i mill. kroner 2023
2022
Driftsinntekt
110,3
198,8
Driftsresultat
-15,7
8
Resultat
før skatt
-13,2
4,5



Publisert: 25.05.2023 09:25

Sist oppdatert: 30.05.2023 14:40

Mer om