Helge Simonnes
AKSJEKJØP: Helge Simonnes har aksjar for vel 1,7 millionar kroner i Havyard Group. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Simonnes hamstrar vidare

Den tidlegare Vårt land-redaktøren har aksjar for 1,7 millionar kroner i Havyard Group.

07.06.2022

Styremedlem Helge Simonnes i Havyard Group held fram med å plukke aksjar i selskapet. Gjennom sitt heileigde dotterselskap Kamato kjøpte Simonnes fredag nye 2.189 aksjar i Havyard Group til 8,75 kroner aksjen. I dag følgde Simonnes opp med kjøp av 10.000 aksjar til snittkurs 8,80 kroner.

Dermed sit den tidlegare Vårt Land-redaktøren på 201.910 Havyard Group-aksjar, ein aksjepost som børsen verdset til vel 1,7 millionar kroner.

Kjøpet løfta likevel ikkje Havyard Group-aksjen, som gjekk ned 0,6 prosent til 8,70 kroner aksjen. Heile selskapet er dermed prisa til 211 millionar kroner.

Ratehopp
Langt betre gjekk det med Havila Shipping-aksjen, som steig 7,1 prosent til 17,90 kroner aksjen. Kursoppgangen er dermed på over 200 prosent på ein månad.

Tysdag vart det også kjent at ankerhandlarar frå Solstad Offshore og Viking Supply Ships får rundt 1,7 millionar kroner i døgnrater for flytting av riggen Ocean Endeavor på britisk sektor av Nordsjøen. Det er mange år sidan ein har sett tilsvarande rater.

Meklarar spår at ratefesten vil halde fram ettersom det er få ledige båtar i spoten.

Laksenedtur
Ein bra børsdag hadde både Nortel og Arctic Bioscience, medan lakseoppdrettarane hadde negativ utvikling trass i at iLaks melder om framleis høg laksepris, og truleg vidare auke i neste veke.

Oslo Børs enda 0,33 prosent tysdag.

Ved børsslutt vart eit fat Nordsjøolje handla til 120,3 dollar fatet, opp 0,3 prosent.

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 17,9 7,19 %
Nortel 18,1 4,62 %
Arctic Bioscience 15,55 3,67 %
Smartcraft 17,7 2,55 %
Endúr 0,64 1,59 %
Hav Group 14,82 1,23 %
Sparebanken Møre 78,9 0,51 %
Golden Energy Offshore Services 2,48 0,40 %
Statt Torsk 2,48 -0,40 %
Havyard Group 8,7 -0,68 %
Salmon Evolution 8,4 -1,98 %
Hexagon Purus 32,52 -2,52 %
Atlantic Sapphire 26 -2,55 %
Hofseth Biocare 3,8 -2,56 %
Hexagon Composites 33,76 -3,27 %
Havila Kystruten 18,9 -4,79 %

Publisert: 07.06.2022 15:55

Sist oppdatert: 07.06.2022 19:59

Mer om