Børsdagen: Skrell for Golden Energy
Dårleg dag for reiaraksjen – og betydeleg gjeld etter konkursråka managementselskap.
Investorane på Oslo børs sende dei fleste aksjane frå Nordvestlandet nedover fredag.
Verst gjekk det utover aksjen til Golden Energy Offshore Services som fekk eit fall på meir enn 12 prosent.
Kursfallet kom utan at selskapet hadde sendt ut nyheiter – men torsdag ettermiddag vart det kjent at Golden Energy Offshore Management Holding As melde oppbod.
Ifølgje rettspapira er gjelda i selskapet på ti millionar kroner og verdiane på kring ein halv million.
Sjølv om konkurssaka kan «smitte» til aksjekursen, skal det vere liten fare for at reiarlaget blir råka.
Bustyrar Håvard Wiker omtala saka som ei opprydding i kjølvatnet av økonomiske problem i selskapet Golden Energy Offshore Management.
Wiker fekk i fjor oppdraget med å leie rekonstruksjonsforhandlingar i dette selskapet. Det arbeidet er framleis pågåande, ifølgje advokaten.
Reiarlaget Golden Energy Offshore Services kom tidlegare i veka med tall for 1. kvartal som viste tre gangar høgare inntekter samanlikna med same periode i 2022.Rapporten viste også at reiarlaget hadde ei utnyttingsgrad for flåten på over 90 prosent.
Berre Eqva, Hav Group og Sparebanken Møre gjekk opp av aksjane frå regionen.
Hovudindeksen gjekk svakt ned og enda 0,29 prosent i minus – på 1215,57.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag | |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,15 | 5,00 % | |
Hav Group | 9,52 | 2,59 % | |
Sparebanken Møre | 75,88 | 0,96 % | |
Hexagon Purus | 22,35 | 0,00 % | |
Statt Torsk | 0,56 | -1,41 % | |
Atlantic Sapphire | 5,3 | -1,49 % | |
Salmon Evolution | 7,13 | -1,52 % | |
Havila Shipping | 15,06 | -1,57 % | | |
Hofseth Biocare | 3,16 | -1,86 % | |
Hexagon Composites | 27,46 | -1,93 % | |
Arctic Bioscience | 9,2 | -3,16 % | |
Endúr | 40,4 | -3,58 % | |
Norva24 Group * | 27,15 | -3,89 % | |
Nortel | 33,6 | -4,55 % | |
Havila Kystruten | 6,68 | -4,57 % | |
Golden Energy Offshore Services | 0,93 | -12,10 % |
* svenske kroner, selskapet er notert på Stockholm-børsen
Publisert: 26.05.2023 17:47
Sist oppdatert: 26.05.2023 17:47