Oslo børs
OPP: Hovudindeksen på Olso børs steig 0,4 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Snart Arctic Bioscience-nytt i vente

Skulle kome med viktig nytt innan tidleg i oktober.

11.10.2024

Dersom Arctic Bioscence skal innfri forventningane selskapet sjølv har skapt bør det kome ein børsmelding allereie mandag eller tysdag.

Selskapet har fått gjennomført ein større, internasjonale studie av middelet selskapet håpar skal få legemiddelgodkjenning. Det er basert på silderogn og skal vere eit middel mot hudsjukdomen psoriasis. 

I slutten av august varsla selskapet at ei offentleggjering av resultatat var "forventet i slutten av september/tidlig oktober».

Midt i oktober er onsdag den 16. 

For utviklinga i aksjekursen er det utfallet av legemiddelstudien som er det aller viktigaste. Eit  positivt utfall kan opne vegen inn i ein stor og potensiell meir lønsam marknad enn helsekostmarknaden som selskapet er i i dag..

Arctic Bioscience vart børsnotert i februar 2021, med mange investorar på Sunnmøre på eigarsida. Då var kursen 28,50 kroner aksjen, og steig i løpet av ein månads tid til rekordnoteringa 30 kroner.

Deretter fall kursen jamt nedover, til botnnoteringa 7,82 kroner aksjen i oktober 2023.

I slutten av juni var kursen under 10 kroner aksjenm nen steig så til ein topp på 15 kroner i auguust i år. I dag er aksjekursen opp 6,4 prosetn, til 13,30 kroner aksjen. Det verdset selskapet til 337 millionar kroner.

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
   
Arctic Bioscience                      13,30 6,40 %
Romsdal Sparebank                    121,90 3,34 %
Salmon Evolution                        6,89 2,07 %
Hexagon Purus39,601,41 %
Hexagon Composites                      39,60 0,38 %
Norva 24 Group*30,10 0,33 %
Golden Energy Offshore Services                      28,00 0,00 %
Endúr                      56,40 -0,18 %
Sparebanken Møre                    84,03 -0,24 %
Hav Group                          8,60 -1,15 %
Havila Kystruten                      0,71 -1,39 %
Havila Shipping                        3,36 -2,89 %
Hofseth Biocare                          1,61 -5,29 %
Atlantic Sapphire                      0,20 -13,01 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 11.10.2024 16:53

Sist oppdatert: 11.10.2024 16:53