Lars Peder Solstad Solstad Offshore
TØFF VEKE: Solstad-sjef Lars Peder Solstad har hatt ei tøff veke med rettssak,som blei avslutta med børsfall fredag. Foto: Solstad Offshore
Nytt

Børsdagen: Solstad-fall etter tøff veke

Skuffande for reiarlaget og bransjen. Men kan vere positivt for Røkke.

Marius Rosbach
10.10.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka 

Denne veka har refinansieringa av Solstad-reiarlaget stått sentralt i det som ligg an til å bli tiårets mest omtala rettssak i finansverda. 

Verdsettinga av reiarlaget er eit sentralt poeng i søksmålet Christen Sveaas sitt Kistefos har anlagt mot Aker, Kjell Inge Røkke og Solstad-reiarlaget sjølv. 

Eit resultatvarsel Solstad Maritime la fram seint torsdag, viste at reiarlaget ikkje ventar ei betring i innteninga framover – slik tidlegare prognoser har vist. 

Erkjenninga er skuffande både for reiarlaget og offshorebransjen generelt. 

Men også for investorane - som sende kursane ned for både Solstad Maritime og Solstad Offshore fredag. Førstnemnte fall ti prosent til 19,84 kroner, medan sistnemnte fall drygt seks prosent til 49,80 kroner aksjen. 

For Aker-eigar Kjell Inge Røkke kan det likevel vere ei oppside ved resultatvarselet, påpeiker Dagens Næringsliv i ein børskommentar med tittelen «Som bestilt for Røkke». Utviklinga underbyggjer nemleg Aker og Solstad sine argument i rettssalen, om at ein opptur for oljeservicebransjen langt frå er så sikker som motparten hevdar. 

Det kan også vere verdt å merke seg at prisen for eit fat nordsjøolje fall nær to prosent i løpet av dagen til kring 63,70 dollar. 

Hovudindeksen på Oslo børs slutta fredagen på minussida etter å ha starta i pluss. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,44 5,20 %
Atlantic Sapphirekr                   7,97 -2,68 %
Endúrkr                85,50 1,66 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                18,95 -0,26 %
Hav Groupkr                   6,90 -1,15 %
Havila Kystrutenkr                   1,28 3,23 %
Havila Shippingkr                   1,25 -0,79 %
Hexagon Compositeskr                10,52 -2,05 %
Hexagon Puruskr                   1,96 -1,71 %
Hofseth Biocarekr                   1,77 1,15 %
Tinde Sparebankkr              121,00 0,83 %
Salmon Evolutionkr                   5,20 -0,95 %
Sparebanken Mørekr              105,86 0,86 %
   

Publisert: 10.10.2025 16:54

Sist oppdatert: 10.10.2025 16:54

Mer om