Børsdagen: Status quo og jojo-kurs for Kystruten
Arbeidet med å sikre finansiering til dei Tyrkia-faste Havila-skipa held fram.
Børsdagen i dag har bydd på blanda drops, og hovudindeksen er i skrivande stund opp 0,18 prosent.
Blant dei børsnoterte selskapa som høyrer heime på Nordvestlandet er det Arctic Bioscience som har gjort det best så langt i dag, med ein oppgang på 3,47 prosent til ein kurs på 10,45 kroner.
Jojo-kurs for Havila Kystruten
Havila Kystruten har nok ein gong falle på børs etter gårsdagens opptur, og var klokka 14 stund ned 6,87 prosent. Etter fallet avslutta HKY dagen med 0,0 prosent endring frå gårsdagen, med ein kurs på 1,31 per aksje.
Selskapet har dei siste to åra støtt på mykje motbør, både knytt til krig, sanksjonar, leverandørtrøbbel og pandemi.
5. juli kom nyhenda om at den siste rettsavgjerda i England har sikra selskapet meir tid til å lande ein avtale, og ny frist for å ro i land finansieringa er sett til 27. juli.
Fram til det fortel finansdirektør i Havila, Arne Johan Dale, at fokuset er å sikre at alle dei grunnleggande føresetnadene for drift er til stades, før dei kan hente skipa heim att til Noreg.
- Vi gler oss til vi kan fokusere fullt og heilt på det som er kjerna i verksemda vår, nemleg å frakte folk og varer langs norskekysten, seier Dale til NETT NO.
Kontraktforlengelse Havila Harmony
I ei børsmelding orienterer Havila Shipping om at det brasilianske selskapet OceanPact har forlenga kontrakta med skipet Havila Harmony for eitt år.
Marknaden reagerte svakt positivt til nyhenda, og Havila Shipping er opp 0,35 prosent i dag.
Artikkelen blir oppdatert etter børsslutt, mellom anna med oppdaterte kursar.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Arctic Bioscience | kr 10,45 | 3,47 % |
Hofseth Biocare | kr 2,55 | 2,00 % |
Hexagon Composites | kr 24,62 | 1,99 % |
Norva 24 Group* | 26,10 kr | 1,75 % |
Havila Shipping | kr 11,54 | 1,23 % |
Hexagon Purus | kr 18,88 | 0,75 % |
Statt Torsk | kr 0,60 | 0,00 % |
Hav Group | kr 10,05 | 0,00 % |
Endúr | kr 39,20 | 0,00 % |
Havila Kystruten | kr 1,31 | 0,00 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,12 | -0,89 % |
Sparebanken Møre | kr 75,22 | -1,42 % |
Nortel | kr 26,20 | -1,50 % |
Salmon Evolution | kr 6,52 | -2,83 % |
Atlantic Sapphire | kr 6,15 | -4,65 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 2,76 | -5,15 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 11.07.2023 15:48
Sist oppdatert: 11.07.2023 16:58