Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
SATSAR: Statt Torsk-sjef Gustave Brun-Lie (innfelt) legg sjølv meir pengar i potten, og selskapet får meir pengar til å utvide satsinga på torskeoppdrett. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Stort fall etter minihandel

Ein enkelt handel til 1.010 kroner sende eitt av selskapa i nordvest ned 11,4 prosent fredag.

09.12.2022

Meir om dette seinare, for det var andre selskap i nordvest som var mest i fokus fredag.

Med ein kurs på 1,70 kroner aksjen, var det truleg ikkje vanskeleg for Statt Torsk å hente inn 40 friske millionar gjennom eit privat tilbod. Då selskapet gjekk på børs våren 2021, var kursen 2,60 kroner aksjen.

Fleire i leiinga og styret i Statt Torsk, og andre med tilknyting til desse, hadde på førehand forplikta seg til å teikne seg for aksjar for nær 28 millionar. I tillegg går Klo Holding, som eig Øyfisk og kvitfiskprodusenten Gunnar Klo, inn med 4,0 millionar.

Truleg reparasjonsemisjon
Midlane skal brukast til å forbetre slaktekapasiteten, auke biomassen ved dei eksisterande anlegga og ved det nye anlegget ved Apalset, i tillegg til generelle selskapsføremål.

Aksjekursen slutta fredag på 1,895 kroner, klart over kursen ved kapitalinnhentinga. No kan det verte ein sjans for dei øvrige aksjonærane å teikne seg for aksjar til 1,70 kroner ettersom styret vurderer ein reparasjonsemisjon på ti millionar kroner.

iLaks melder at lakseprisane er på veg oppover fram mot jula, sjølv om ikkje auken er stor. Blant anna skal røykeria produsere mykje røykt laks til jul.

Opptur for sjømataksjar
Fredag var ein god dag for sjømataksjane. Av selskapa i nordvest hadde både Salmon Evolution og Atlantic Sapphire fin stigning. Salmon Evolution steig 3,70 prosent, medan Atlantic Sapphire hoppa 5,71 prosent. Etter mange problem, har Atlantic Sapphire-aksjen skote fart siste månaden, med ein kursauke på 41 prosent. På årsbasis er derimot verdien ned 77 prosent.

Marknaden tok det elles heilt med ro at Havila Kystruten fredag melde at selskapet hadde fått klarsignal frå britisk rett om at gjelda til deira russiske finansieringsselskap GTLK, blir frigitt mot at dei får betaling i tråd med sanksjonsreglane. Samstundes vart det varsla at det kan verte forseinka oppstart for Havila Polaris, som etter planen skulle ha jomfruturen frå Bergen 29. desember.

Det vart handla berre 250 aksjar i selskapet, men kursen gjekk opp 2,37 prosent.

Liten handel med stort utslag
Elles viste fredagen at små handlar kan gi store utslag i selskap der det er liten børsaktivitet. Nortel-aksjen fall heile 11,40 prosent som følgje av ein handel på 50 aksjar til 1.010 kroner. Dette var forøvrig første handelen i selskapet sidan 5. desember.

Hovudindeksen på Oslo Børs enda på 1.196,53 poeng fredag, opp 0,55 prosent.

Eitt fat nordsjøolje vart ved børsslutt handla til 76,90 dollar fatet, opp 0,59 prosent.

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Atlantic Sapphire 9,62 5,71 %
Norva24 Group* 32 4,30 %
Salmon Evolution 8,69 3,70 %
Havila Kystruten 19,45 2,37 %
Hav Group 9,5 2,15 %
Hexagon Purus 25,74 2,06 %
Havila Shipping 11,82 1,37 %
Eqva 3,01 0,33 %
Hexagon Composites 31,46 0,00 %
Arctic Bioscience 13,25 0,00 %
Sparebanken Møre 74,99 0,00 %
Endúr 33,9 -0,31 %
Statt Torsk 1,895 -1,46 %
Hofseth Biocare 2,45 -3,54 %
Golden Energy Offshore Services 1,4 -4,76 %
Nortel 20,2 -11,40 %
Børsdagen
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen

Publisert: 09.12.2022 15:57

Sist oppdatert: 09.12.2022 17:56