Havila Kystruten-siger i retten
Får frigjort seg frå bindingar til russisk finansiering. Men jomfruturen til neste skip kan bli utsett.
Havila Kystruten har fått klarsignal frå britisk rett om at gjelda til deira russiske finansieringsselskap GTLK, blir frigitt mot at dei får betaling i tråd med sanksjonsreglane. Det kjem fram i ei børsmelding fredag.
- Dette er ei god avklaring for oss, som betyr at vi har full rett til å overta Havila Polaris og etter kvart Havila Pollux, samtidig som vi får gjort opp på Havila Capella, uttaler administrerende direktør Bent Martini i ei pressemelding frå reiarlaget.
Samtidig er det klart at første seglasen til skip nummer tre kan bli utsett.
Vart råka av sanksjonar
Havila Kystruten hadde finansiering frå det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK, ei finansiering som vart råka av sanksjonane mot Russland etter invasjonen av Ukraina.
Tidlegare i haust varsla Havila Kystruten at selskapet hadde sikra seg ny finansiering, som kunne erstatte GTLK. Men på grunn av sanksjonane kan ikkje Havila Kystruten betale attende lånet til GTLK no. Dei pengane må inn på sperra konto og stå der så lenge sanksjonane varer.
Klarsignal frå retten
Fredag kom High Court of Justice i London avgjerda i favør av Havila Kystruten, skriv selskapet i ei børsmelding.
– Den seier kort sagt at GTLK er forplikta til å slette sikkerheitene dei har, mot at dei får oppgjer i tråd med sanksjonsreglane, fortel finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Kystruten til NETT NO.
Kjennelsen er en vesentlig avklaring for selskapet og slår fast at mot oppgjør av gjelden frigis alle sikkerheter etablert i forbindelse med byggefinansieringen og den planlagte finansielle leasingen av ferdige skip. Oppgjør av gjelden til GTLK skjer ved innbetaling til sperret konto i henhold til sanksjonsregelverket så snart refinansieringen er på plass, skriv reiarlaget i meldinga.
Avgjerda gjeld rettigheiter og sikkerheit kring dei to skipa Havila Polaris og Havila Pollux som er under ferdigstilling ved Tersan verftet i Tyrkia.
For skipet Havila Castor er reiarlaget eigar. Havila Capella er eigd av leasingselskapet og skal overtakast av Havila Kystruten så snart alle spørsmåla knytta til den er avklara.
– Vi er av den oppfatning at rettsavgjerda vi no har fått er endeleg, seier han til NETT NO.
Kan blir forseinking
Då Havila Kystruten la fram
rekneskapen sin for 3. kvartal i slutten av november minte selskapet om
at formalitetane i refinansieringa ikkje var på plass.
I fredagens børsmelding skriv Havila Kystruten at overtakinga av Havila Polaris har blitt utsett i påvente av avgjerda frå London.
Havila Polaris er det første av dei to skipa som framleis er hos Tersan-verftet i Tyrkia. Havila Kystruten har tidlegare sagt at skipet skal starte sin første rundtur frå Bergen 29. desember i år.
No skriv selskapet at utsetjinga kan få konsekvensar for om Havila Polaris vil vere klart til start 29. desember, og at dette vil «bli avklart så raskt det lar seg gjøre».
Publisert: 09.12.2022 08:27
Sist oppdatert: 09.12.2022 17:16