Christian pritchard nortel 11
MED PÅ KAPITALUTVIDINGA: Grunnleggar og dagleg leiar Christian Pritchard i Nortel var sjølv med på kapitalutvidinga i selskapet. Han gjekk inn med 999.990 kroner. Før kapitalutvidinga eigde han 21 prosent av selskapet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: To emisjonar på ei veke

Både Nortel og Salmon Evolution lukkast i aksjemarknaden denne veka.

08.04.2022

Begge selskapa fekk full pott då dei gjekk ut i marknaden for å hente meir eigenkapital.

Det viser at eigenkaptialmarknaden er levande for børsnoterte selskap - så sant dei treff med kva aksjekurs som er sett ved kapitlautvidinga.

Det landbaserte oppdrettselsakept Salmon Evolution hadde som mål å hente inn mellom 250 og 300 millionar kroner, mobiltelefonkommunikasjonselskapet Nortel satsa på å få inn mellom 67,5 og 78,8 millionar kroner.

Begge fekk inn maksbeløpet, og til den kursen som var sett, ni kroner aksjen for Salmon Evolution og 18 kroner aksjen for Nortel.

Begge kapitalutvidingane vart varsla om ettermiddagen, etter at børshandelen hadde stengt for dagen, og var fullteikna før døgnet var omme.

Kapitalutvidingane hadde og det felles at emisjonskursen var sett under kursen aksjane vart handla til rett før kapitalutvidinga vart kunngjort.

Aksjekursen i begge selskap fall også ned mot emisjonskurs dagen etter emisjonen vart gjort. For Nortel, som fullførte si kapitalutviding i går, fall kursen i dag 12,7 prosent, til 18,50 kroner per aksje. Det er ein stor nedgang, men over emisjonskursen. Dei som blei med på kapitalutvidinga fekk altså aksjane billegare enn aksjane kunne kjøpast på børsen i dag.

Berre to selskap hadde større børsfall enn Nortel på Oslo Børs i dag, på ein dag der hovudindeksen steig 1,6 prosent og alle dei viktigaste indeksane gjekk opp.

Havila Shipping fall 4,4 prosent, Hofseth Biocare 3,8 prosent og Atlantic Sapphire 2,1 prosent.

Størst kursauke blant selskap frå Nordvestlandet hadde Hexagon Composites med 4,5 prosent og Hexagon Purus med 3,8 prosent. Hexagon Pursus lagar drivstofftankar og -system for hydrogen. Hexagon Composites gjer det same for naturgass og er største aksjonær i Hexagon Purus.

Publisert: 08.04.2022 16:57

Sist oppdatert: 26.04.2022 08:37

Mer om