First smolt release March22 09 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
SALMON EVOLUTION: Her kjem første smolten inn i fisketanken på Indre Harøy. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Børsdagen: Under emisjonskurs

Investorane som gjekk inn med 300 millionar kroner i Salmon Evolution i går kveld kunne fått aksjane bitte litt billegare på børsen i ettermiddag.

06.04.2022

Børskursen i går ettermiddag var 9,80 kroner per aksje. I kapitalutvidinga i går vart kursen ni kroner per aksjen.

I dag såg det lenge ut som som aksjekursen skulle halde seg over ni kroner, men heilt på tampen av børsdagen fall kursen i salmon Evolution akkurat under, og enda på 8,99 kroner per aksje.

Kursutviklinga i dag tyder på at selskapet og aksjonærane kan vere nokolunde nøgd med emisjonen. Det vart gjennomført til ein kurs som samsvarar godt med korleis marknaden verdsette selskapet i dag.

Lakseprisen hittil i år gir også grunn til optimisme. På laksebørsen FishPool er gjennomsnittleg spotpris hittil i år 79,70 kroner kiloen. I veke 13, som er den sist registrerte, var prisen 88,42 kroner kiloen.

For dette og dei tre neste kvartal blir laks for levering i dei respektive kvartala prisa mellom 87,17 og 62,70 kroner kiloen. Det er truleg nok til å sikre alle oppdrettar som klarer å drive godt og utan uhell eit solid overskot også i år - og også nok til at landbasert oppdrett er lønsamt.

Analyseselskapet Kontali Analyse i Kristiansund anslår at det i fjor kosta 45 kroner per kilo å drette opp ein laks fram til fisken ligg sløyd i fiskekassa, og reknar med ytterlegare kostnadsvekst i år.

Tafjord Kraft er eit selskap som også er i ein bransje som i utgangspunktet er lønsamd om dagen, om ein ikkje er uheldig med vala sine.

Uheldig var Tafjord Kraft ikkje i fjor, og eigarane kan sjå fram til 70 millionar utbyttekroner på deling etter 2021. Ålesund kommune er største eigar med 52,6 prosent av aksjane. (sjå også resultattabell i slutten av artikkelen).

På ein dag der børsen samla sett gjekk ned var offfshorereiarlaget Golden Offshore Energy blant vinnaran, med ein auke i aksjekursen på 5,97 prosent. I tillegg til Salmon Evolution (minus 8,28 prosent) var Havila Shipping på minussida, med ein kursnedgang på 7,67 prosent.

Tafjord Kraft (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekter16301091
Driftsresultat448188

Resultat før skatt

415149

Publisert: 06.04.2022 17:17

Sist oppdatert: 06.04.2022 17:17