Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11
OPP: Atlantic Sapphire driver et landbasert oppdrettsanlegg (bildet) ved Miami i Florida. I dag steg aksjekursen 21,85 prosent.
Nytt

Børsdagen: To selskap på topp

Atlantic Sapphire og Hav Group dagens børsvinnere på Nordvestlandet.

06.05.2024

Før børsen opna i dag melde Hav Group om ei ny kontrakt på 200 millionar kroner til datterselskapet Norwegian Electric Systems, for ein utstyrleveranse til eit fartøy som blir bygd av det tidlegare Havyrad-verft i Leirvik i Sogn.

Kursen gjekk opp straks handle kom i gang, og enda 8,69 prosent over nivået frå fredag ettermiddag.

Enda meir - 21,85 prosent - steig kursen i det landbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire som i dag tidleg melde om skifte av finansdirektør. Karl Øystein Øyehaug sluttar og Gunnar Aasbo-Skinderhaug tek over.

Han har tilsaman 20 års erfaring frå sjømatnæringa og vore dagleg leiar i Cermac Norway Salmon, finansdirektør i Cermac og Aquacon, Norway Seafoods og Aker Seafoods.

I slutten av mars var Atlantic Sapphire-kursen nede i 0,78 kroner aksjen, den hittil lågaste kursen selskapet har hatt.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Atlantic Sapphire 1,21 21,85 %
Hav Group 9,76 8,69 %
Havila Kystruten 0,88 1,74 %
Salmon Evolution 7,40 1,23 %
Hexagon Composites 18,06 0,78 %
Hofseth Biocare 2,10 0,00 %
Romsdal Sparebank 109,00 0,00 %
Havila Shipping 6,30 -0,16 %
Endúr 47,50 -0,21 %
Sparebanken Møre 84,33 -0,22 %
Norva 24 Group* 28,15 -0,88 %
Arctic Bioscience 10,40 -0,95 %
Golden Energy Offshore Services 1,82 -2,42 %
Hexagon Purus 6,47 -3,00 %
* Kurs i SEK

Publisert: 06.05.2024 16:52

Sist oppdatert: 06.05.2024 16:54