Stor kontrakt til Hav-datter
Investorane sende aksjen opp på nytt Leirvik-oppdrag.
Norwegian Electric Systems har sikra eit oppdrag til ein verdi av kring 200 millionar kroner.
Det kjem fram i ei børsmelding måndag.
Arbeidet gjeld utstyrsleveranser til verftet Havyard Leirvik, og er på området «energy design and smart control systems», heiter det i meldinga. Hav Group opplyser at dei kjem med fleire detaljar om avtalen på eit seinare tidspunkt.
Opptur på børsen
Hav-aksjen skaut opp på børsen etter nyheita kom. Ved 10-tida måndag var kurs opp nær 8,7 prosent til 9,76 kroner.
Det verdsett selskapet til 341 millionar kroner.
Tidlegare i år gjekk kursen opp frå kring 9,5 til 12,55 kroner i januar månad. Etterpå har den falle og var førre veke under ni kroner.
Skal levere til nyskapande Fjord1-ferjer
Også i mars melde Hav Group om ein avtale med det Tersan-eigde verftet.
Det gjaldt arbeid på dei nye automatiserte ferjene Fjord1 skal sette inn på Lavik-Oppedal-sambandet. Då opplyste konsernet at dei ville indikere totaleffekten for ferjeoppdraga gir på ordrereserven, når alle relevante avtalar var gjort offentleg.
Publisert: 06.05.2024 08:32
Sist oppdatert: 06.05.2024 10:01