Se børstabell for Nordvestlandet under saka
Etter ein oppgang på nær 23 prosent onsdag, sank Arctic Bioscience-aksjen drygt 8 prosent torsdag.
Sluttkursen vart 3,85 kroner.
Det gjorde selskapet til dagens tapar av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.
Oppgangen for Arctic Bioscience dagen i forvegen kom etter at selskapet fortalde om resultata frå ein stor internasjonal studie.
Undersøkinga viste effekt av middelet selskapet håpar å få legemiddelgodkjent for bruk mot psoriasis.
Forsøkspersonar som fekk middelet hadde betre resultat enn dei som fekk narremiddel. Samtidig var placebo-effekten framleis høg – og selskapet vil difor jobbe for å finne fram til ein anna metode i neste fase.
Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug fortalde under presentasjonen onsdag, at han var trygg på at middelet ville nå marknaden – men ikkje nødvendigvis med legemiddelgodkjenning.
– For oss dannar dette eit godt grunnlag for å gå inn i hausten og fortsette partnardialogar, slik at vi kan få på plass ein eller fleire – for å utvikle HRO350 visare saman med oss, sa han under presentasjonen.
Til Nett No fortalde han at selskapet har ein plan B for å nå ut i milliardmarknaden som er anslått for middelet. Det går ut på å satse mot same pasientgruppe – men i «mellom-kategorien» omtala som medisinsk mat.
Hexagon Composites var vinnaren av dei børsnoterte selskapa frå regionen torsdag.
Hovudindeksen på Oslo børs hadde ein ny dag i pluss – 0,61 prosent – og enda på 1629,27 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,85 | -8,33 % |
| Atlantic Sapphire | kr 8,71 | -3,05 % |
| Endúr | kr 87,90 | -1,46 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 19,30 | -0,26 % |
| Hav Group | kr 7,06 | -0,84 % |
| Havila Kystruten | kr 1,36 | 2,26 % |
| Havila Shipping | kr 1,40 | 2,19 % |
| Hexagon Composites | kr 18,94 | 6,05 % |
| Hexagon Purus | kr 2,27 | 3,66 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,85 | -2,63 % |
| Tinde Sparebank | kr 123,20 | -0,21 % |
| Salmon Evolution | kr 6,13 | -1,13 % |
| Sparebanken Møre | kr 106,88 | -0,07 % |
Publisert: 03.07.2025 16:59
Sist oppdatert: 03.07.2025 16:59






