Statt torsk rekvika foto statt torsk 111
VANYLVEN: Oppdrettsselskapet Statt Torsk droppar å starte ny produksjon ved anlegget ved Rekvika i Vanylvsfjorden. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Torskefall etter utsetting

Oppdrettarar ventar med ny produksjon i Vanylvsfjorden.

Marius Rosbach
22.08.2023

Statt Torsk var tysdagens børstapar frå Nordvestlandet med eit fall på 9,27 prosent til 0,41 kroner aksjen.

Kursen fall etter at oppdrettsselskapet melde at dei utsette ny produksjon som var planlagd ved anlegget ved Rekvika i Vanylven.

Selskapet opplyser at årsaka er den pågåande strategiske prosessen – der samanslåing med Vesterålen Havbruk er ein av alternativa – saman med faren for at ein ikkje får fullfinansiert produksjonssyklusen.

Avgjerda inneberer redusert kostnadsnivå framover, og at ungfisken som var meint å settast ut ved anlegget, blir selt eller øydelagd, ifølgje børsmeldinga.

Aksjekursen har falle jamnt i heile år og botnnoteringa på 0,24 kroner kom 11. august. Etterpå har aksjen henta seg litt inn att, men fekk altså eit nytt fall tysdag.

Elles var det ein dag med lite bevegelse i aksjane i selskapa frå regionen.

Hav Group vart dagens vinnar frå nordvest med ein oppgang på 0,6 prosent.

Hovudindeksen på Oslo børs fall med 0,42 prosent til 1.236,99.

Sjå børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hav Group kr 10,00 0,60 %
Atlantic Sapphire kr 4,53 0,56 %
Hofseth Biocare kr 3,06 0,33 %
Arctic Bioscience kr 9,76 0,21 %
Nortel kr 26,80 0,00 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,94 0,00 %
Sparebanken Møre kr 76,20 -0,26 %
Hexagon Composites kr 33,10 -0,60 %
Endúr kr 39,20 -0,76 %
Havila Kystruten kr 1,23 -1,20 %
Norva 24 Group* 23,40 kr -1,47 %
Havila Shipping kr 10,76 -1,65 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,13 -1,74 %
Salmon Evolution kr 6,36 -2,15 %
Hexagon Purus kr 18,04 -4,14 %
Statt Torsk kr 0,41 -9,27 %
* Kurs i SEK

Publisert: 22.08.2023 17:04

Sist oppdatert: 22.08.2023 17:18

Mer om