Ulltveit-Moe inn i Inseanergy
Kjendisinvestoren og Norselab blir største eigar i solcelleselskapet, til redusert kurs.
Investor Jens Ulltveit-Moe og investeringselskapet Norselab går inn med 30 millionar i solcelleselskapet Inseanergy. Det gjer at dei blir størst eigar i selskapet.
Ålesund-selskapet lagar flytande solcellekraftverk, i første rekke for oppdrettsanlegg.
No har selskapet henta 30 millionar kroner i ei kapitalutviding der Norselab og Jens Ulltveit Moe sitt selskap Umoe blir medeigarar, ifølgje ei pressemelding frå Inseanergy.
Over halvert verdi
Ifølgje Finansavisen er Inseanergy verdsett til 40 millionar kroner i denne kapitalutvidinga.
I ei kapitalutviding i fjor vår var selskapet verdsett til 92,75 millionar kroner - før kapitalutvidinga. Då var målet å hente inn tilsaman 46,25 millionar kroner. Før skulle mellom 10 og 25 millionar kroner hentast inn gjennom Folkeinvest, som har spesialisert seg på å kople småinvestorar og selskap. Resten skulle selskapet hente såkalla strategiske investorar - investorar som også kan gi Inseanergy medeigarar med industriell kunnskap og nettverk.
Emisjonen gjennom Folkeinvest i fjor passerte minstemålet med ein liten margin.
No meiner selskapet også at det har fått med seg investorar med kunnskap og nettverk.
"De nye eierne tilhører A-laget av norske investeringsselskap, og sammen tilfører de ikke bare kapital og kompetanse innen internasjonal skalering og verdiskapning, men også et bredt nettverk som gir Inseanergy forretningsmuligheter innenfor flere markeder", seoer Inseanergy Kari-Elin Korsnes Hildre i pressemeldinga.
Minus
Inseanergy blei grunnlagt i 2020 og hadde 1,4 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på minus 11,1 millionar kroner i 2022.
Før kapitalutvidinga mot Umoe/Norselab var Roger Hofseth-eigde Ocean Solar (4,5 prosent), Notøy-familien sitt selskap S Notøy Eiendom (12,7 prosent) og Jan Erik Våge Klepp sitt selskap Teknologen Invest (7,7 prosent) største eigarar i Inseanergy.
Publisert: 01.02.2024 16:13
Sist oppdatert: 01.02.2024 17:24