Christian Pritchard foto Ogne
84 MILLIONAR: Christian Pritchard er grunnleggar, stor aksjonær og dagleg leiar i Nortel, som no blir ein del av Unifon. Pritchard sine aksjar blir verdsett til 84 millionar kroner, men oppgjeret skjer delvis med aksjar i Unifon-systemet. Foto. Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Unifon har full kontroll i Nortel

Eigarane av 99,4 prosent av Nortel-aksjane har sagt ja til å selje.

08.09.2023

Tidlegare denne veka hadde Unifon fått ja frå eigarane av 88,12 prosent av Nortel-eigarane. Etter den nye fristen, som gjekk ut i går ettermiddag, hadde nesten alle svart ja.

Mobiltelefoniselskapet Unifon byr 27,50 kroner aksjen, som prisar Nortel til 517 millionar kroner.

Med over 90 prosent eigarskap kan Unifon tvangsinnløyse resten av aksjane, som betyr at eigarane som ikkje har sagt ja også må selje sine aksjar.

Planen er å innlemme Nortel i Unifon-systemet slik at to konkurrentar blir eitt selskap.

Blir med vidare
Nortel har over 200 aksjonærar, mange med adresse på Nordvestlandet.

Selskapet vart notert på Euronext Growth i november 2020. Første dag var kursen 22 kroner.

17. mars i år var kursen 34,40 kroner, to dagar etter at selskapet melde at det hadde fleire friarar på døra.

Toppnoteringa for selskapet var 25. mai år, 35,20 kroner aksjen.

I starten av juni sa styret i Nortel ja til bodet frå Unifon. Dei største aksjonærane hadde då allereie forplikta seg til å selje. Dei får betalt med ein kombinasjon av kontantar og aksjar i Unifon-systemet, slik at dei blir med vidare på eigarsida etter salet. Også personar i styret og leiinga er med på den avtalen. Aksjonærar som eig mindre enn to prosent får oppgjer i kontantar.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen var over for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,99 5,28 %
Statt Torsk 0,53 3,92 %
Hexagon Composites 37,58 1,95 %
Hexagon Purus 17,76 1,14 %
Golden Energy Offshore Services 1,17 1,03 %
Endúr 45,90 0,66 %
Arctic Bioscience 9,40 -0,21 %
Hav Group 9,40 -0,42 %
Havila Kystruten 1,09 -0,46 %
Salmon Evolution 6,16 -1,28 %
Sparebanken Møre 75,81 -1,53 %
Hofseth Biocare 3,00 -1,64 %
Norva 24 Group* 22,55 -1,96 %
Nortel kr 25,00 -2,34 %
Havila Shipping kr 9,04 -3,21 %
Atlantic Sapphire kr 1,56 -9,41 %
* Kurs i SEK

Publisert: 08.09.2023 08:17

Sist oppdatert: 08.09.2023 20:00

Mer om