Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Allereie frå start låg Hav Group an til å bli dagens soleklare tapar frå regionen på Oslo børs.
Fasiten vart eit fall på 17,41 prosent og ein sluttkurs på 7,02 kroner.
Konsernet starta fredagen med å legge fram ein kvartalsrapport som viste lågare inntekter, større underskot og fleire utsette prosjekt.
I rapporten kom det også fram at DNB har fråfalle låneforpliktingane for 3. og 4. kvartal og banken krev at selskapet sel eigne aksjar.
Investorane svara med å sende aksjen ned frå starten av dagen, og fallet blei djupare utover dagen.
Elles var det ikkje store endringar hos dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet fredag.
Golden Energy Offshore Services som fekk ein skrell torsdag, slutta som i dagen før med ein sluttkurs på 17,25 kroner.
Hovudindeksen på Oslo børs slutta veka med svak oppgang på 0,26 prosent til 1468,66 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hexagon Composites | kr 45,70 | 3,16 % |
Salmon Evolution | kr 6,83 | 4,12 % |
Norva 24 Group* | 27,50 kr | 3,77 % |
Havila Shipping | kr 2,52 | -1,76 % |
Sparebanken Møre | kr 93,39 | -0,09 % |
Romsdal Sparebank | kr 123,96 | -0,02 % |
Havila Kystruten | kr 0,50 | 6,14 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 17,25 | 0,00 % |
Hexagon Purus | kr 5,20 | 4,10 % |
Endúr | kr 62,50 | -0,79 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,08 | -3,07 % |
Hofseth Biocare | kr 1,30 | 0,00 % |
Arctic Bioscience | kr 2,00 | -3,85 % |
Hav Group | kr 7,02 | -17,41 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 22.11.2024 16:22
Sist oppdatert: 22.11.2024 17:24