Børsdagens: Storkjøp i Golden Energy
Storaksjonær sel nesten 40 prosent av aksjane. Nytt fond blir eigar.
Investeringsfondet Fleetscape Luxembourg 2 sel 195 millionar aksjar i offshorereiarlaget Golden Offshore Energy Services i Ålesund for 39,5 millionar dollar - 434 millionar kroner - melder selskapet i ei børsmelding.
Det tilsvarar ein eigarandel på 39,03 prosent i selskapet. Salet skjedde utanom børs.
Fleetscape er forvalta av kapitalforvaltningselskapet Oaktree, som styremedlemane Fredrik Ulstein-Rygnestad og Guillaume Bayol i Golden Energy Offshore Services er knytt til.
Kjøparen er Blue Ocean GEOS MI LLC, skriv Golden Energy Offshore Services i ei ny børsmelding, etter at børsen opna i dag. Investeringsfondet som no er den nye storaksjonæren er forvalta av eit amerikansk investeringsselskap, Blue Ocean Partners.
Over dobla pengane
Fleetscape kom inn på eigarsida i fjor haust, og har meir enn dobla verdien av investeringa si fram til salet no, ifølgje administrerande direktør Per Ivar Fagervoll i reiarlaget.
Ved børsslutt måndag var aksjekursen i Golden Energy Offshore Service 1,69 kroner aksjen. Ved 10-tida var den oppe i 1,89 kroner aksjen, eit nivå den ikkje har hatt sidan våren 2022. Dagens sluttkurs blei 1,83 kroner aksjen, opp 7,99 prosent samanlikna med i går.
Handelen mellom Fleetscape og Blue Ocean prisa aksjen til knappe 2,20 kroner aksjen.
- Veldig positivt
Fagervoll er godt nøgd med aksjetransaksjonen og viser mellom anna til at handelen skjedde til ei kurs langt over kva aksjen har vore handla til på børsen.
- Veldig positivt. Det viser at det er interesse for aksjen og selskapet , seier han.
Også Blue Ocean investerer for å tene pengar og investeringa si, peikar Fagervoll på. og seier selskapet er ope for "fleire ting", framover.
Skal betale utbytte
Golden Energy Offshore Services har i fleire rapportar og meldingar på rad vore svært optimistisk til utviklinga i marknaden for forsyningsskip til offshoremarknaden.
Selskapet var også optimistisk i kvartalsrapporten for fjerde kvartal 2023, og fortalde aksjonærane at dei truleg har utbytte i vente:
«Som et resultat av et økende backlog, stigende rater og en sterk balanse, er selskapet godt posisjonert for å begynne å returnere kapital til aksjonærene som utbytte i løpet av 2024», skriv selskapet i ei pressemelding.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | 1,83 | 7,99 % |
Hav Group | 9,38 | 5,39 % |
Hexagon Composites | 16,98 | 2,54 % |
Hexagon Purus | 4,99 | 1,22 % |
Havila Shipping | 7,30 | 0,00 % |
Hofseth Biocare | 2,19 | -0,45 % |
Romsdal Sparebank | 109,10 | -0,82 % |
Salmon Evolution | 6,90 | -0,86 % |
Sparebanken Møre | 85,27 | -1,08 % |
Norva 24 Group* | 25,50 | -1,54 % |
Endúr | 48,15 | -2,33 % |
Havila Kystruten | 0,77 | -2,53 % |
Atlantic Sapphire | 0,87 | -3,13 % |
Arctic Bioscience | 9,85 | -5,29 % |
Publisert: 23.04.2024 08:55
Sist oppdatert: 23.04.2024 16:57