Salsgevinst sikra pluss for Golden Energy
Overskot i fjerde kvartal og krympa underskot på årsbasis. No opnar reiarlaget for utbytte.
Det børsnoterte offshorereiarlaget i Ålesund utvida flåten ved å kjøpe fem offshorefartøy frå eit datterselskap av nederlandske Vroon Holding for nesten ein milliard kroner i fjor.
Fire plattformforsyningskip har Golden Energy Offshore Services behandle, medan Vos Sugar, er eit støttefartøy til konstruksjonsarbeid til havs, raskt vart seld vidare.
73 millionar kroner i gevinst ved sal av skip har Golden Energy Offshore Services bokført i 4. kvartal, som gav eit solid overskot i kvartalet (sjå tabell under).
Det går fram av selskapet sin rapport pr. fjerde kvartal, som vart offentleggjort tysdag.
Skal betale utbytte
Golden Energy Offshore Services har i fleire rapportar og meldingar på rad vore svært optimistisk til utviklinga i marknaden for forsyningsskip til offshoremarknaden.
Selskapet er også optimistisk i kvartalsrapporten, og fortel aksjonærane at dei truleg har utbytte i vente:
«Som et resultat av et økende backlog, stigende rater og en sterk balanse, er selskapet godt posisjonert for å begynne å returnere kapital til aksjonærene som utbytte i løpet av 2024», skriv selskapet i ei pressemelding.
Lovnaden om utbytte kjem med atterhald om god nok inntening resten av året, og at eit utbytte ikkje vil bryte med vilkåra i låneavtalane.
Golden Energy Offshore Services as | ||
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 210,1 | 141,1 |
Driftsresultat | 140,0 | 70,8 |
Resultat før skatt | -8,5 | -57,0 |
Golden Energy Offshore Services as | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 79,5 | 28,1 |
Driftsresultat | 82,1 | -24,6 |
Resultat før skatt | 44,8 | -8,3 |
Publisert: 27.02.2024 08:59
Sist oppdatert: 27.02.2024 10:06