Atlantic sapphire innfelt aksjekurs foto atlantic sapphire 22
LANDBASERT OPPDRETT: Atlantic Sapphire har satsa på landbasert oppdrett av laks i USA. Aksjekursen peika ned etter dårleg nytt onsdag. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsnedtur etter feil på landanlegg

Dårleg nytt for oppdretterane i Atlantic Sapphire.

Marius Rosbach
24.03.2021

Oppdrettsselskapet Atlantic Sapphire melde onsdag at ein feil ved anlegget deira i USA, vil føre til tap av kring 500 tonn laks.

Ifølgje selskapet som har adresse i Vestnes, dreiar det seg om ein svakheit ved designen på det landbaserte oppdrettsanlegget. Det gjorde at partiklar lakk gjennom filtre i systemet – som skal ha skapt gass i anlegget.

Det førte til «unormalt aktivitet hos fisken», som samla seg i botnen og hindra gjennomstrøyming av vatn - som igjen førte til at meir fisk døydde, ifølgje børsmeldinga.

Hendinga skal ikkje få konsekvensar for levering til marknaden, opplyser selskapet.

Aksjeverdien ned
Etter at nyheita blei kjent, stupte aksjekursen på Oslo børs for selskapet. Ved 11-tida hadde den henta seg litt inn att og verdien var då ned kring åtte prosent.

Samanlikna med nivået på aksjekursen i fjor haust, har verdien framleis stege betydeleg dei siste månadene.

Var i gong med utbetring
Selskapet forklarar at svakheita var identifisert frå før, og at dei var i gong med å utbetre anlegget. Sluket der feilen oppstod var ikkje enno utbetra.

Atlantic Sapphire sitt anlegg ved Miami er eit sokalla RAS-anlegg, der ein resirkulerer vatnet. Fordelen er at ein nyttar lite vatn – men det er meir komplekst å drifte, enn ved anlegg der ein får tilført nytt vatn.

Mellom utfordringane er å ha rett bakteriekultur som skal hindre at det oppstår hydrogensulfidgass, som er dødeleg for fisken.

Ventar stor vekst
Selskapet er mellom dei som ventar stor vekst som følgje av utviklinga innan landbasert lakseoppdrett.

Analytikarane trur landbasert lakseoppdrett kan utgjere ein firedel av den globale lakseproduksjonen innan 2030, og at slike RAS-anlegg vil vere sentralt i utviklinga.

Anlegget til Atlantic Sapphire er designa i samarbeid med danske Billund Aquaculture.

Podium

E6/S1 Ingegjerd Eidsvik og Håkon André Berg om landbasert oppdrett

Publisert: 24.03.2021 11:02

Sist oppdatert: 04.06.2021 07:55

Mer om