Børsplanar slo feil for Norsk Sjømat
- Vi forsetter som før og reverserer alt vi har gjort, seier ein skuffa Norsk Sjømat-sjef Per Magne Grøndahl.
Norsk Sjømat skulle på børs i oktober. Det er utsett, saman med planen om å slå saman Nergård- og Norsk Sjømat til eitt konsern.
Aukande uro i finansmarknadane, spesielt i sjømatsektoren, har gjort investorane forsiktige. Difor har Norsk Sjømat utsett planane om børsnotering, skriv selskapet i ei børsmelding.
Utsetjinga betyr at selskapet ikkje greidde å få inn pengane til vilkår eigarane var nøgd med.
Børsmeldinga seier ingenting om når planen om børsnotering eventuelt blir henta fram igjen.
Reversere prosessen
- Vi forsetter som før og reverserer alt vi har gjort, seier ein skuffa Norsk Sjømat-sjef Per Magne Grøndahl.
Det betyr at det ikkje blir noko samanslåing av Norsk Sjømat og Nergård-konsernet og at Samherji heller ikkje sel seg ut av Nergård, der Grøndahl og Tunold kontrollerer 60,1 prosent av aksjane.
Det ligg sju månadars arbeid bak forsøket på samanslåing og børsnotering, seier Grøndahl.
Både Nergård- og Norsk Sjømat leverte gode resultat i fjor.
- Vi treng ikkje noko alternativ, svarer Grøndahl om kva som er alternativet til å halde fram og drive dei to selskap som sjølvstendige selskap.
Milliardkonsern
Planen var å slå saman fiskeri- og fiskeindustri-selskapet Nergård-konsernet og Norsk Sjømat-konsernet og hente inn 700-800 millionar kroner i kapitalutvidinga. Norsk Sjømat sin hovudverksemd er foredling av oppdrettslaks. Samstundes skulle det islandske selskapet Samherji selje sin aksjepost på 39,9 prosent i Nergård-konsernet.
Norsk Sjømat-eigarane Per Magne Grøndal og Bjarte Tunold ville eige 54 prosent av aksjane etter børsnotering.
Det børsnoterte selskapet skulle heite Norsk Sjømat.
I fjor hadde Norsk Sjømat Holding fire milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 329 millionar kroner. Nergård-konsernet hadde tre milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 259 millionar kroner.
Investeringar
Det var to hovudårsaker til at fiskeri- og fiskeindustrikonsernet Nergård i Nord-Noreg skulle slåast saman med lakseforedlingselskapet Norsk Sjømat og børsnotast, sa Norsk Sjømat-sjef Per Magne Grøndahl då planen om børsnotering blei kjent tidleg i oktober: Selskapa står føre store investeringar og den islandske medeigaren, Samherji, i Nergård vil ut.
- Vi har ikkje kapital til å gjere begge deler. Det hadde blitt for tungt for oss, sa Grøndahl.
At kapitalutvidinga ikkje blir noko av betyr at investeringevna blir svekka, men det går ikkje ut over investeringar som er i gang. Ei heller stoppar det planane om å investere i smoltproduksjon i Stordal, men det er det offentlege godkjenningar som er flaskehalsen, ifølgje Grøndahl.
Publisert: 23.10.2020 16:23
Sist oppdatert: 22.06.2021 07:35