Sunnmøre tingrett har opna konkurs i selskapet Nordi Ocean AS på Valderøya, ifølgje Sunnmørsposten.
Selskapet hadde konsesjonar på dyrking av tang og tare, og hadde ein plan om å skalere opp med stabile inntekter frå 2026.
I staden har selskapet no meldt oppbod.
– Vi var nok for tidleg ute. Vi har prøvd å få med nye investorar, men det gjekk ikkje. Å få tak i norsk kapital innanfor dette området er veldig tungt, seier Petter Marius Synnes som er dagleg leiar i selskapet til avisa.
Ifølgje rettspapira hadde selskapet ei gjeld på 9,2 millionar kroner og verdiar for nær 3,8 millionar. Firmaet hadde åtte tilsette som står utan arbeid etter at verksemda er innstilt.
Publisert: 04.12.2025 12:47
Sist oppdatert: 04.12.2025 12:47






