221109 christie ferge solsnes aafarnes 088 1
SATSAR PÅ LÆRLINGAR: Christi & Opsahl har vore aktiv lærebedrift sidan 1990-talet. Foto: Christie & Opsahl AS
Nytt

Christie & Opsahl årets lærebedrift

12 nominerte konkurrerte om prisen.

11.03.2024

Møre og Romsdal fylkeskommune har kåra Entreprenørselskapet Christie & Opsahl til årets lærebedrift.

Entreprenørselskapet med hovudkontor i Molde har vore aktiv lærebedrift sidan 90-talet.

- Dette var supergøy og noko vi set veldig høgt. Det å sørge for at våre lærlingar får god, praktisk og matnyttig opplæring, er noko vi i Christie & Opsahl har hatt som fokus heile vegen, seier dagleg leiar Andreas Andenæs i Christie & Opsahl i ei pressemelding.

Christie & Opsahl har 196 tilsette.

For å bli Årets lærebedrift, må bedrifta:

  • vere godkjent lærebedrift i Møre og Romsdal og ha lærling eller lærekandidat.
  • ha ei positiv utvikling i talet på lærekontraktar eller stabil høg lærlingtettheit over tid.
  • legge til rette for eit godt læring- og arbeidsmiljø.
  • ha høg gjennomføringsgrad for lærlingar og lærekandidatar og få hevingar.
  • kvalitetssikre læreforholdet gjennom dokumentasjon.

Det er opplæringskontor, prøvenemnder og andre relevante aktørar som nominerer kandidatar til Årets lærebedrift. I fjor gjekk prisen til Molde Fjordhotell, står det i pressemeldinga.

Publisert: 11.03.2024 15:45

Sist oppdatert: 11.03.2024 17:36

Mer om