I full fart mot 800 millionar
Christie & Opsahl-direktøren jaktar fleire tilsette og styrer mot ny rekordomsetning.
I fjor auka inntektene med 133 millionar kroner for ingeniør- og entreprenørselskapet med hovudkontor i Molde. I år er målet å auke like mykje, og nå 800 millionar kroner.
- Vi er godt fornøgde med tala, både vekst og resultat. Året no ser bra ut, seier administrerande direktør Andreas Andenæs Christie & Opsahl.
Christie & Opsahl | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 674,6 | 541,1 | |
Driftsresultat | 35,1 | 39,7 | |
Resultat før skatt | 40,2 | 39,7 |
Selskapet har avdelingskontor i Ålesund, Ørsta og på Åndalsnes, og kjøpte opp tre selskap i fjor. Eitt av dei var Handverksbygg i Ulsteinvik med 15 tilsette.
Målet er å vekse på Sunnmøre, og Christie & Opsahl har blant anna fått arbeidet med Daaetunet på Moa, der det ifølgje heimesida allereie er 40 av 73 leilegheiter selde.
- Eit stort og spennande prosjekt. Her er vi også inne på eigarsida, seier Andenæs.
Rette tilsette er kritisk faktor
Ved årsskiftet hadde Christie & Opsahl 190 tilsette, der 136 var handverkarar. No skal det verte fleire.
- Vi er alltid på jakt etter tilsette. Det er den kritiske faktoren for vidare lønsam vekst, seier Andenæs.
Han opnar også opp for nye oppkjøp.
- Vi er alltid på utkik etter dei rette oppkjøpa.
Leiande på kaier
Selskapet har ambisiøse vekstmål. Ein skal vere leiande bygg- og anleggsbedrift i Møre og Romsdal, og på kaier skal ein vere leiande i landet.
Ein ønsker også å satse meir i Nord-Norge, men av tretti større prosjekt i fjor var berre eitt i Nord-Norge.
På bygg er målet å vere størst i Molde, og blant tre på topp i Ålesund, i tillegg til å ta sterkare posisjon på søre Sunnmøre.
God ordrereserve
Styret skriv i årsmeldinga at det er ein del uvisse knytt til inflasjon og høgare renter. Dette kan føre til at prosjekt vert utsette, omgjorde eller kansellerte.
Trass i uvissa, viser styret til at ein har ein ordrereserve på 72 prosent for å nå målet på 800 millionar kroner.
Molde-selskapet er 100 prosent eigd av COB Holding, som i 2021 omsette for 3,8 milliardar kroner. Eigarane held til på Austlandet, og COB Holding kan for fjoråret motta eit utbyte på 29,6 millionar kroner frå Christie & Opsahl.
Publisert: 23.03.2023 05:00
Sist oppdatert: 23.03.2023 08:46