Color Line Er straalande fornoegd
Color Hybrid er designa av Fosen Yard og vert den største sokalla plug-in hybridferja i verda. Skipet har rom for 2000 passasjerar og 500 bilar.  
Nytt

Color Line: – Er strålande fornøgd

Men det vil halde hardt å rekke den opprinnelege planen om å sette verdas største hybridferje i rute frå juni.

Marius Rosbach
26.04.2019
Prestisjeprosjektet Color Hybrid vart nyleg teke ut av dokkhallen ved Ulstein verft og ligg no til kai for det siste utrustingsarbeidet. Den 160 meter lange ferja er mellom dei største skipa Ulstein har levert og skal inn på Color Line si rute mellom Sandefjord og Strømstad i sommar.
Dei 43 meter lange skipslogoane som er , er på plass – og det same er

– Stor interesse

Kommunikasjonsdirektør Helge Otto Mathisen i Color Line fortel at han nyleg var i Ulsteinvik og fekk sjå ferja med eige auge.
– Vi er strålande fornøgd med skipet og er sikre på at dette blir veldig bra. Vi har også eigne folk på verftet som følgjer opp arbeidet, fortel Mathisen til NETT NO.

Framleis står det att noko arbeid før skipet er heilt klart til levering. Det betyr at ein er noko forsinka ifølgje tidsplanen om å Mathisen påpeiker likevel at dialogen med verftet har vore god heile vegen.
Han forsiktig med å vere konkret på når dei ser føre seg overlevering med tilhøyrande dåp og oppstart.
– Det er sopass stor interesse kring dette prosjektet at vi vil vere 110 prosent sikre på at det blir oppstart frå den datoen vi setter. Til vi veit det, vil vi vere litt tilbakehaldne, seier han.
Les meir:

Mathisen kan ikkje no seie noko sikkert om når folk i nærmiljøet vil sjå Color Hybrid ute på prøvetur, men stadfestar at dei reknar med at ferja skal segle Sandefjord-Strømstad i løpet av sommarsesongen.
– Så fort vi har datoen vil vi opplyse om det og starte bookinga, seier han.

Intensjonsavtale om systerskip

Color Line og Ulstein Group har også ein intensjonsavtale om å bygge ei systerferje til Color Hybrid. Det er sjølvsagt stor spenning knytt til om det vert ei endeleg kontrakt, men Mathisen kan ikkje avsløre noko enno.
– Det er heilt opp til styre å avgjere den saka, seier han.
– Er det slik at korleis arbeidet vert sluttført frå verftet si side – eller erfaringar dei gjer dokke med Color Hybrid – vil påverke den avgjerda?
– Nei, det vil ikkje ha noko med å gjere, seier Mathisen.
Mathisen har tidlegare fortalt korleis dei starta å leite etter byggeverft i Asia, men til slutt stod det mellom Kleven og Ulstein på Sunnmøre. Kvalitet og kunnskapen til utviklingsavdelinga til Ulstein var mellom årsakene til at dei enda på Ulstein verft.

Lydlaust og utan utslepp til Sandefjord

Skroget til Color Hybrid vart bygd i Polen og .
Om bord vert det ei batteripakke på 4,7 MWh, slik at skipet skal kunne segle 3,2 nautiske mil berre på batteri.
Ferja skal over på batteri når ho kjem til innløpet av Sandefjordsfjorden. Ho går på batteri heile vegen inn fjorden, utan støy eller forureinande utslepp.
I Sandefjord hamn har reiarlaget installert landstraum som laddar batteria med berekraftig straum frå norsk vasskraft.

Publisert: 26.04.2019 19:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34