– Treff vi i eitt eller to av desse marknadane kan det ha enorm betydning for kva Conta kan vere i framtida seier Dag Steinsvik til Nett No. Han leiar den internasjonale satsinga til rekneskapsprogram-selskapet Conta i Ålesund.
Etter lanseringa i utlandet i 2023 nådde selskapet 1000 brukarar i februar 2024 og 50.000 i november i fjor. No har dei gått frå 100.000 til 200.000 brukarar på sju månadar, opplyser selskapet i ei pressemelding.
Fakturaprogram
Førebels er det fakturaprogrammet sitt Conta tilbyr i utlandet.
Forretningsmodellen til Conta er den same selskapet har brukt i Noreg, å starte med gratistenester og gradvis tilby kundane betalingstenester som gir inntekt for Conta.
Det handlar om å ta betalt for meir omfattande bruk, eller meir avanserte produkt.
Starta i Australia
Dei første betalingtenesten i utanlandsmarknaden er nyleg lansert, seier Steinsvik.
Etter ei kartlegging valde Conta i å starte i Australia.
I dag har selskapet fått innpass i Sør-Afrika og India, og har nyleg lansert seg i USA.
Vekst
I 2024 auka Conta Group inntektene frå 105 til 129 milionar kroner i driftsinntekt og fekk eit resultat før skatt på 37 millionar kroner.
Tidlegare i haust auka selskapet arbeidstokken Ålesund med sju nye medarbeidar og varsla ambisjonar om ytterlegare vekst.
– Vi ønskjer å satse regionalt på Sunnmøre, og vi ser verdien av å ha fagfolka og kompetansen her. Vi er ei sjølv ei lokalt utvikla teknologibedrift med tusenvis av kundar over heile landet. Conta vil vere med og sørge for at det skal koke i tech-miljøet i Ålesund, sa dagleg leiar Torill Standal Eliassen.
Publisert: 24.11.2025 10:47
Sist oppdatert: 24.11.2025 11:00






