Torill Standal Eliassen Foto Kristin Stoylen
NY SJEF I FJOR: Torill Standal Eliassen tok over som Conta-sjef etter at Jan-Tore Holen trakk seg i fjor. Foto: Kristin Støylen
Nytt

Conta bemannar opp for å vekse

Fintech-selskapet Conta skalerer opp med ei rekke nye tilsette. Er klar for å handtere dei store kundane.

Grunde Grimstad
29.10.2025

Rekneskapsprogramvare-selskapet Conta i vil utvide staben med sju nye medarbeidarar i Ålesund. 

Nytilsettngane er ein del av strategien for å oppskalere selskapet frå småbedrift-tilbydar, til å tilby rekneskapstenestene sine for dei store bedriftskundane. 

Gründer for gründerar
– Det passa bra at du ringte. Vi er akkurat blitt kåra til årets gaselle-bedrift av DN, for andre år på rad, seier Conta-sjef Torill Standal Eliassen.

Sidan 2009 har selskapet utvikla programvare for rekneskap og fakturering, og satsa utelukkande mot små og mellomstore bedrifter. 

Programmet er designa for å forenkle og automatisere oppgåver som rekneskapsføring, rapportering, fakturering, timeføring og lønn.

Selskapet vart stifta i Brasil, starta opp drifta i eit hjørnelokale i Fremmerholen, og i dag har selskapet  fylt heile industribygget med kontor for sine 60 tilsette i Ålesund. I tillegg har det 25 andre tilsette andre stadar i Norge og resten av verda.

Klar for neste fase
I fleire år var selskapet nesten ukjent for andre enn småbedrifter og enkeltpersonføretak, og vart ein favoritt blant mange gründerar.

Selskapet dreiv ikkje tradisjonell marknadsføring, men satsa på å rekrutterte nye kundar gjennom personlege anbefalingar, deltaking på diskusjonsforum og aktivitet i startup-rmiljø. 

– Det er rett at vi har køyrt litt "gjedda i sivet"-strateg, men no er vi klare til å vise oss fram og satse også mot dei større kundane, seier Eliassen.

Den prosessen starta då tidligare sjef Jan-Tore Holen ga seg i fjor, og overlet leiinga til Standal.

Dei sju nye stillingane skal styrke staben av utviklarar, marknadsføring, salg og kommersialisering.

NO er vi klare til å vise oss fram og satse også mot dei større kundane
Torill Standal Eliassen

Teknologisenteret Sunnmøre
Dei sju nye stillingane skal styrke staben av utviklarar, marknadsføring, salg og administrasjon.

– Har de opplevd nokon frieri frå investorar eller konkurrentar?

– Å jada. Vi får omtrent ein telefon i veka, og svaret er det same kvar gang: Vi er ikkje interessert. Vi vil vokse oss store sjølv og vi har dei økonomiske musklane som trengs, fastslår Eliassen.

Eks-sjef Jan-Tore Holen er framleis majoritetseigar, og selskapet har over 100 andre tilsette på aksjonærlista.

Eliassen seier Conta har større ambisjonar enn å  berre å syte for sin eigen vekst. Selskapet har vyar for å bygge opp Sunnmøre til ein sterk teknologiregion.

– Vi ønskar å satse regionalt på Sunnmøre, og vi ser verdien av å ha fagfolka og kompetansen her. Vi er ei sjølv ei lokalt utvikla teknologibedrift med tusenvis av kundar over heile landet. Conta vil vere med og sørge for at det skal koke i tech-miljøet i Ålesund.

Publisert: 29.10.2025 08:19

Sist oppdatert: 29.10.2025 09:15

Mer om