Torill Standal Eliassen Jan Tore Holen foto conta
NYTT REKORDÅR: Torill Standal Eliassen tok nyleg over sjefsstolen i Conta, etter Jan-Tore Holen. I dag blei rekneskapen til Conta Group, det mest sentrale selskapet i konsernet offentleg. Foto: Conta
Nytt

Nytt år på rett kurs for Conta

Auka både omsetning og overskot – samtidig som dei utvikla eit heilt nytt system.

Marius Rosbach
22.05.2025

Conta Group-rekneskapen viser at pilane haldt fram å peike oppover for Ålesund-selskapet i fjor.

Omsetninga auka med nye 23 prosent i løpet av året til drygt 129 millionar kroner. Det er om lag to og ein halv gonger høgare inntekter enn selskapet hadde i 2020. 

Lønnsemda blei samtidig betra endå nokre hakk i 2024, og resultatet før skatt enda på meir enn 37 millionar (sjå tabell under).

Det gir ein resultatmargin på nær 25 prosent for selskapet som tilbyr ein rekke betalingstenester innan rekneskap, løn og årsoppgjer.  

Conta Group AS    
Årsresultat (i mill kr) 20242023
Driftsinntekter 129105,4
Driftsresultat 33,931,1
Resultat før skatt 37,233

Ventar vidare vekst og lønnsemd i 2025
Styret skriv i årsmeldinga at inntektshoppet skuldast auka prisar på produkta deira og tilgang på nye kundar. 

Auken er som venta både når det gjeld inntekter, fleire tilsette og utvikling av nye produkt og tenester. Resultatveksten er likevel lågare enn året før, som følgje av fusjonen med Conta Pro-selskapet, blir det påpeika. 

Conta ventar at veksten og lønnsemda heldt fram i 2025, ifølgje årsmeldinga.

– Trass i integreringskostnader knytt til ein vellykka fusjon, leverer Conta robuste finansielle resultat, og posisjonerer seg sterkt for vidare vekst i åra som kjem, uttaler Conta-sjef Torill Standal Eliassen i ei pressemelding frå selskapet. 

 Selskapet hadde 64 tilsette i arbeid i fjor – medan heile konsernet har bikka 100 tilsette. 

Ny sjef og internasjonal vekst
Eliassen tok nyleg over sjefsstolen i Conta, etter gründeren og mangeårig toppleiar, Jan-Tore Holen. 

I eit intervju med Nett No tidlegare i vår fortalde Holen at han vil ta ein meir aktiv rolle som investor gjennom investeringsselskapet Pilea.

Nyleg kunne Eliassen fortelje at selskapet satsar meir internasjonalt. I år har dei lansert seg i Spania og USA, og er no til stades i ti land.

– For den internasjonale satsinga har vi nettopp runda 130 000 brukarar. Til samanlikning hadde me berre 7000 brukarar i fjor i same periode, uttaler Eliassen.

Lanserer nytt rekneskapsprogram 
I løpet av fjoråret investerte selskapet 11 millionar i programvareutvikling som skal lanserast i 2025. 

Det er snakk om eit rekneskapsprogram med meir avanserte funksjonar, og meir retta mot rekneskapsbransjen. I årsmeldinga kjem det fram at programmet er godt motteke av dei første testbrukarane.

– Det nye systemet representerer ein viktig milepåle for selskapet og vil styrke posisjonen som ein innovasjonsleiar i bransjen, heiter det i meldinga.

2024-rekneskapen til Conta Group AS viser at drygt 28 millionar av overskotet blei sett av til konsernbidrag. Eigenkapitalen var på 36 millionar ved utgangen av året, og selskapet hadde ikkje langsiktig gjeld. 

Publisert: 22.05.2025 15:25

Sist oppdatert: 22.05.2025 15:25

Mer om