Eigenkapitalen i Conta Group har bygd seg opp gjennom ei årrekke. No viser dei siste rekneskapane at eigarane har teke ut kring 50 millionar i utbytte dei siste to åra.
Denne veka kom 2024-rekneskapen til morselskapet Conta Group, som viser at det blei det teke utbytte på nær 34,5 millionar etter eitt godt fjorår.
Året før vart det teke utbytte på 17,1 millionar kroner. Det er ikkje tidlegare bokført utbytter i selskapet som blei starta opp i 2016.
Conta-gründer Jan-Tore Holen er desidert største eigar i Conta Group gjennom selskapet Pilea, men også blant andre Bærum-baserte Must-familien, Eivind Ravndal og Vidar Teis Aspehaug er mellom aksjonærane.
Konsernet fortalde nyleg om eit nytt godt år i 2024 der pilane peika oppover for rekneskapssuksessen. Ifølgje årsmeldinga for dotterselskapet Conta, venta dei at veksten og lønnsemda heldt fram i 2025.
Ved utløpet av året var det framleis 52 millionar kroner att av eigenkapitalen i Conta Group. Selskapet hadde samtidig knappe 50.000 kroner i langsiktig gjeld, viser rekneskapen.
I årsmeldinga for selskapet – som har som hovudoppgåve å eige aksjar i dotterselskapet – blir det påpeika at den største risikoen er knytt til den faktiske verdien av aksjane – «hvor det i dag sannsynligvis er betydelige merverdier».
Jan-Tore Holen hadde ikkje anledning til å svare på spørsmål om denne saka då Nett No tok kontakt.
Publisert: 17.06.2025 14:44
Sist oppdatert: 18.06.2025 01:11





