Rita Barstad Maraak Foto Marius Rosbach 11
SPÅDDE RETT: Strengare miljøkrav til cruisetrafikken i Geiranger enn i andre cruisehamner ville mellom anna auke busstrafikken i Geiranger, spådde hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda Hamnevesen. Den spådommen har slått til viser informansjon hamnevesenet har henta inn, seier ho. Foro: Marius Rosbach.
Nytt

Cruisenedgang i Geiranger

Miljøkrav og uvissa rundt dei er årsaka til nedgangen, meiner hamnesjefen i Stranda.

06.01.2025

I 2024 hadde Geiranger 176 cruiseskipbesøk. I år er det berre reservert 147 besøk i Geiranger og Hellesylt. 

Hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda Hamnevesen er ikkje i tvil om årsaka til nedgangen: Strengare miljøkrav (Tier III), og inga avklaring på vedtaket om nullutslepp før i august 2024. Då hadde reiarlag allereie bestemt reiserutene sine.

For cruisereiarlaga som planlegg to-tre å fram i tid, gjorde uvissa at færre tok sjansen på å sette Geiranger på programmet i år. 

Med nedgang i trafikken skil Geiranger seg frå konkurrentane i regionen, som har vekst, eller stabilt nivå på cruisebesøka.

Spådde rett
I samband med skjerpa miljøkrav for cruisetrafikken i Geiranger - samanlikna med andre cruisehamner i nærleiken - har Stranda Hamnevesen åtvara mot at det ville vri trafikk til andre cruisehamner på Nordvestlandet. 

Grunngjevinga var at turistar frå cruiseskipa vil sjå Geirangerfjorden og dette ville då flytte passasjerar over på vegnettet. Denne type utflukter ville då foregå med buss (som går på diesel), og/eller mindre passasjerfartøy.

Stranda Hamnevesen innførte allereie i 2021 ei ordning med at fartøy som kunne dokumentere nullutslepp i vårt sjøområde, kunne få ein prisreduksjon på 60 prosent. Det er per i dag ingen som har bedt om denne «rabatten», seier Maraak.

Begge spådommane har slått til, viser informasjon Stranda Hamnevesen har henta inn.

Maraak seier hamnevesenet framleis bearbeidar informasjonen og vil ikkje gå ut med konkrete tal enno. Men ho seier det er snakk om ei «formidabel auke» i passasjertrafikk på sjø og ein «stor auke» i busstrafikken frå  2023.

Frå neste år blir utsleppskrava til mindre fartøy skjerpa. Då er Maraak redd busstrafikken vil auke enda meir fordi færre mindre fartøy vil innfri krava.

Sterke reaksjonar
Opphavleg var planen at all skipstrafikk på Geirangerfjorden skulle vere utsleppsfri frå 2026. I august 2024 utsette regjeringa kravet om nullutslipp for skip over 10.000 bruttotonn til 2032.

Det vekte sterke reaksjonar, mellom andre hos Havila Kystruten-sjef Bent Martini.

«Myndighetene har gitt aktørene mange år på å finne løsninger, men til slutt er det rene kommersielle hensyn som står igjen som vinnere. Dette er en seier for de som ikke har turt å investere i en grønnere fremtid», sa Martini ei pressemelding. 

Stranda Hamnevesen hadde frykta at store besøktap som ville ramma det lokale næringslivet, arbeidsplassar og ikkje minst busetning – og var fornøgd med ei utsetting.

– Løysningen koplar saman politiske ambisjonar og den teknologiske utviklinga på ein god måte, sa styreleiar Per Erik Dalen og hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda Hamnevesen i ei pressemeldig i august i fjor.

Avklaringa på vedtaket om nullutslepp og at Tier III kravet ligg i botnen, kom imidlertid for seint til å unngå ein nedgang i cruisetrafikken i år. Neste år ligg det an til ein liten oppgang igjen, ifølgje Maraak.

Publisert: 06.01.2025 05:00

Sist oppdatert: 05.01.2025 16:55

Mer om