(NPK-Margunn Sundfjord): I samband med den landsdekkjande Turistundersøkinga til Innovasjon Noreg har selskapet for første gong kartlagt forbruket til cruiseturistar.
– Undersøkinga omfattar intervju med 1.423 cruiseturistar langs heile kysten, fortalde avdelingsleiar Sigrid Oterholm Hoem i Innovasjon Noreg då ho presenterte undersøkinga tysdag.
Cruiseturistane som er intervjua blei valde ut frå tretti tilfeldige cruiseskip som hadde lege til kai i sju ulike byar og åtte ulike bygder.
Ho viste til at totalforbruket til kvar cruiseturist i Noreg er 3.945 kroner. Til samanlikning er det samla forbruket til ein turist som reiser landevegen 13.470 kroner.
Det må med andre ord 3,5 cruiseturistar til for å vega opp for forbruket til ein landbasert ferieturist.
Undersøkinga viser også at forbruket til cruiseturistane er veldig avhengig av kva aktivitetar og opplevingar dei har vore med på eller har planar om å vera med på når dei går i land.
– Dette kurset er vi no land og strand rundt med. Vi har halde ti-tolv kurs, og vi har mange kurs på gang for 2015 der vi er rundt på dei ulike cruisedestinasjonane og fortel dei litt korleis cruiseindustrien fungerer og korleis dei kan tilpassa produktet sitt til cruisepassasjerar, seier Pedersen til Nynorsk pressekontor.
Han fortel at dette har resultert i at Innovasjon Noreg har fått fleire produkt å tilby cruiseturistane og fleire aktørar som ønskjer å arbeida med denne målgruppa.
– Det vil både kunna vera med å skapa betre opplevingar og auka verdiskaping, seier Tor Johan Pedersen.
– Undersøkinga omfattar intervju med 1.423 cruiseturistar langs heile kysten, fortalde avdelingsleiar Sigrid Oterholm Hoem i Innovasjon Noreg då ho presenterte undersøkinga tysdag.
Cruiseturistane som er intervjua blei valde ut frå tretti tilfeldige cruiseskip som hadde lege til kai i sju ulike byar og åtte ulike bygder.
4.000 kroner per reise
– Undersøkinga viser at cruiseturistane har eit stort forbruk på nesten 4.000 kroner, så det blir pengar av det, sa Oterholm Hoem.Ho viste til at totalforbruket til kvar cruiseturist i Noreg er 3.945 kroner. Til samanlikning er det samla forbruket til ein turist som reiser landevegen 13.470 kroner.
Det må med andre ord 3,5 cruiseturistar til for å vega opp for forbruket til ein landbasert ferieturist.
Mykje til reiarlaga
Dersom ein reknar med alle utgiftene til cruisepassasjerane, kjem det samla forbruket på 12,1 milliardar kroner, men av dette blir 9,8 milliardar kroner liggjande att hos reiarlaga, medan 2,3 milliardar går til norsk næringsliv langs kysten.Undersøkinga viser også at forbruket til cruiseturistane er veldig avhengig av kva aktivitetar og opplevingar dei har vore med på eller har planar om å vera med på når dei går i land.
Kurs i tilrettelegging
Cruiseekspert Tor Johan Pedersen i Innovasjon Noreg meiner mange er flinke til å leggja til rette aktivitetar for cruiseturistane, men han trur næringa kan bli endå flinkare. Det prøver Innovasjon Noreg no å gjera noko med. I fjor lanserte dei eit kurs om produktpakkar for cruiseturistar.– Dette kurset er vi no land og strand rundt med. Vi har halde ti-tolv kurs, og vi har mange kurs på gang for 2015 der vi er rundt på dei ulike cruisedestinasjonane og fortel dei litt korleis cruiseindustrien fungerer og korleis dei kan tilpassa produktet sitt til cruisepassasjerar, seier Pedersen til Nynorsk pressekontor.
Han fortel at dette har resultert i at Innovasjon Noreg har fått fleire produkt å tilby cruiseturistane og fleire aktørar som ønskjer å arbeida med denne målgruppa.
– Det vil både kunna vera med å skapa betre opplevingar og auka verdiskaping, seier Tor Johan Pedersen.
Undersøkinga viser at cruiseturistane har eit stort forbruk på nesten 4.000 kroner
Publisert: 14.01.2015 11:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40






