Fv Hans Holmoy S Kipsteknisk Johnny Aarseth Kongsberg Maritime foto Ogne
TREKTE SEG: Skipsteknisk-sjef Hans Ove Holmøy (t.v.) fortel at dei trekte seg i siste konkurranserunda om forsvarskipa. Det gjorde også Johnny Aarseth og kollegaene i Kongsberg Maritime. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Trekte seg frå avgjerande runde om forsvarsskipa

Kongsberg Maritime, Skipsteknisk og Ulstein valde å ikkje levere endeleg tilbod i designkonkurransen.

Marius Rosbach
30.03.2026

Av dei seks som var kvalifisert til å designe nye standardfartøy til forsvaret, var det berre tre som leverte eit endeleg tilbod. 

Kongsberg Maritime og Skipsteknisk i Ålesund var mellom dei som valde å ikkje delta i sluttrunden. Det same gjeld Ulstein Design & Solutions. Måndag blei det kjent at oppdraget går til Kongsberg Defence and Aerospace og Salt Ship Design.

Ville ikkje akseptere vilkåra
Dagleg leiar Hans Ove Holmøy i Skipsteknisk har ingen kommentar til avgjerda, men stadfestar at dei ikkje leverte endeleg tilbod. 

«Vi kunne ikke akseptere vilkårene i anbudet», skriver han i en tekstmelding til Nett No. 

Då denne saka vart publisert måndag ettermiddag, hadde Holmøy ikkje svart på kva det var dei ikkje kunne akseptere. 

Gratulerer kollegaer
Kommunikasjonssjef Jon Berge i Kongsberg Maritime opplyser til Nett No at dei valde å trekke seg før den avgjerande runden, «etter en totalvurdering». 

Heller ikkje han vil utdjupe bakgrunnen for avgjerda - men gratulerer kollegaene i  Kongsberg Defence and Aerospace - og Salt Ship Design med oppdraget. 

«Vi vil fremover konsentrere oss om å bli med på teknologileveranser til de standardiserte fartøyene. Vi vil derfor ha samtaler med alle relevante parter fremover og håper vi kan levere vår velprøvde teknologi til dette viktige prosjektet for Norge», skriv han i ein e-post. 

Ulstein også mellom «finalistane»
Kommunikasjonsansvarleg Tonje Øyehaug Ruud i Ulstein Group opplyser til Nett No at konsernet ikkje har nokon kommentar til avgjerda – utover at dei ønskjer Kongsberg/Salt Ship Design-samarbeidet lukke til. 

Ulstein Design & Solution var mellom dei seks «finalistane», men valde etter eit heilskapleg vurdering å ikkje gi eit endeleg tilbod i designkonkurransen, opplyser ho. 

Marte Gerhardsen Gunvor Ulstein foto Marius
ULSTEINVIK: Statssekretær Marte Gerhardens (t.v) i Forsvarsdepartementet på besøk hos Gunvor Ulstein. Ulstein Design & Solutions var blant dei som var kvalifisert til konkurransen, men som valde å ikkje levere endeleg tilbod. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 30.03.2026 15:03

Sist oppdatert: 30.03.2026 17:27