Green Yard Kleven Elisa foto green yard 2
SPESIELL DESIGN: Designkonseptet frå Marin Teknikk inkluderer mellom anna ei to-skrogs-løysing som skal redusere rørslene når skipet blir treft av sjø. Foto: Green Yard Kleven
Nytt

Set kurs for verftet om få veker

Milepåle for Green Yard Kleven sitt første nybygg.

Marius Rosbach
31.03.2026

Green Yard Kleven har kome eit viktig steg vidare i arbeidet med deira første nybygg. Nyleg blei skroget sjøsett ved Montex-verftet i Polen, opplyser verftet i ei melding.

Konsernsjef Hans Jørgen Fedog opplyser til Nett No at slepet av skroget mot verftet på Sunnmøre startar i midten av april månad. 

Vel framme ved Green Yard-verftet i Ulstein er det klart for utrustning av skipet. Tidlegare er det opplyst at skipet skal leverast i løpet av 2026.

Green Yard Kleven Elisa foto green yard 1
POLEN: Skroget til bygg nummer 404 ved Green Yard Kleven er sjøsett i Polen. I løpet av eit par veker startar slepet til verftet på Sunnmøre. Foto: Green Yard Kleven

Skal ut i arbeid i Svartehavet
Fedog påpeiker at sjøsettinga er ein viktig milepåle i oppdraget. Skipet er tinga av det rumenske energiselskapet OMV Petrom.

Nybygget blei annonsert i november 2024, og er det første som verftet har fått inn i ordreboka med eigarane i Green Yard. 

Namnet på konstruksjonsskipet blir «Elisa» og det skal ut i arbeid i energisektoren i Svartehavet.

Fekk ideen i 2006
Skipet er designa av Marin Teknikk i Herøy. Marin Teknikk-sjef Svein-Rune Gjerde fekk ideen til skipet allereie i 2006. 

Nybygget er eit avansert feltstøttefartøy for operasjonar og vil vere skreddarsydd for vindkraftindustrien. Det kan vere base for teknikarar, gjere lettare vedlikehald-, inspeksjon- og reparasjonsoppdrag, i tillegg til å frakte folk og forsyningar. 

Det er plass til opptil 90 personar om bord på det 90 meter lange skipet. 

Publisert: 31.03.2026 11:00

Sist oppdatert: 31.03.2026 12:34

Mer om