Norwegian Greentech foto kjetil
BØRSAPPELL: Staben i Havyard Group sitt datterselskap Norwegian Greentech (biletet) blir no ein del av eit nytt børsnotert selskap, der alle Havyard-selskapa som kan bruke miljøvennleg-merkelappen er samla. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Havyard i mål med å hente kapital

Datterselskap verdsett til 630 millionar kroner.

18.02.2021

Havyard Group sitt datterselskap Hav Group har henta inn 90 millionar kroner i ny eigenkapital, samstundes som Havyard Group har seld 6.666.500 aksjar i selskapet, ifølgje ei børsmelding torsdag.

Invitasjonen til moglege investorar vart sendt ut etter at børsen stengte torsdag ettermiddag, med frist til klokka åtte fredag for dei som ville vere med,

Les også: Skal hente 210 millionar før kontortid

Kapitalutvidinga og aksjesalet skjedde til 18 kroner per aksje. Kursen betyr at Havyard Group får 120 millionar kroner inn på konto og at Hav Group er verdsett til 630 millionar kroner.

Havyard Group vil eige 66,7 prosent i Hav Group etter kapitalutviding og aksjesalet. Planen er at Hav Group skal vere børsnotert frå og med 4. mars.

Miljø-Havyard
I november 2020 varsla Havyard Group at datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, kunne bli skilt ut og samla i eit eige selskap - og notert på Oslo Børs.

Det er det selskapet no gjer.

(saka held fram under)

Gunnar larsen havyard 11
LEIAR SELSKAPET: Konsernsjef Gunnar Larsen skal leie det nye selskapet Hav Group. Foto: Havyard

Havyard Hydrogen teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff ombord i skip. Skipsdesignverksemda er samla i Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems lagar skipselektrosystem og -design, medan Norwegian Greentech lagar reinseanlegg for ballastvatn.

Etter at Hav Group er skilt ut og er børsnotert vil Havyard Group drive med reparasjon, vedlikehald, ombygging - og eventuelt nybygg ved verftet i Leirvik i Sogn og forvalte den dominerande eigarskapen i Hav Group. Planen er at Havyard Group skal halde fram som eit børsnotert selskap.

Børsrakett
8. oktober 2020 blei aksjar i Havyard Group handla for 1,97 kroner pr. aksje. Då børsen stengte i dag var kursen 31,10 kroner per aksje, som verdset heile selskapet til 771 millionar kroner.

Fleire avklaringar i løpet av hausten 2020, i tillegg til planen om å skille ut og børsnotere det som no blir Hav Group, er truleg medverkande til kursstiginga.

Les meir: Havyard er haustens børsrakett

Gjeldsforhandlingane i det gamle skipsbyggingsselskapet kom i mål. Det blei skilt ut som ein del av arbeidet med å refinansiere Havyard Group og skipsbyggingsverksemda blei ført vidare i selskapet New Havyard Ship Technology.

Havyard varsla og at selskapet først og fremst vil satse på ombygging-, vedlikehald- og reparasjonsoppdrag ved verftet i Leirvik i Sogn - i staden for nybygg.

Sævik-familien, med Per Sævik i spissen, eig over 57 prosent av aksjane i Havyard Group. Aksjane er eigd gjennom familieselskapet Havila Holding og familiemedlemane sine personlege investeringsselskap.

Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 18.02.2021 09:11

Sist oppdatert: 28.05.2021 08:05

Mer om