Bjørnar Skjæran Å KP feb 2022 foto Ogne
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) seier han er nøgd med å få fastsett ein totalkvote for makrell i 2023. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Delvis semje om makrellfisket

Etter over 10 år utan avtale har Noreg, EU, Færøyane, Grønland, Island og Storbritannia blitt einige om kor mykje makrell som kan fiskast.

07.12.2022

NPK/NETT NO

Noreg, EU, Færøyane, Grønland, Island og Storbritannia har skrive under ein avtale om totalkvote på 782.066 tonn makrell i 2023.

Det er første gang sidan 2010 det er inngått ein slik avtale, ifølgje Havforskningsinstituttet.

Den manglande avtalen har mellom anna gjort at makrellfisket har mista sertifisering frå Marine Stewardship Council, ei sertifiseringsordning som aktørar i deler av sjømatmarknaden brukar for å avgjere kva fisk dei skal kjøpe inn.

Skal forhandle om fordeling
Trass i at landa er samde om ein totalkvote, har dei enno ikkje komme i mål med fordeling av bestandane og forvaltningsplanen for makrellen. Landa har fram til 31. mars på å bli samde

– Vi ventar at dei spørsmåla som står att får ei løysing i starten av neste år. Departementet vil likevel lage ein førebels kvote for 2023, slik at dei som treng det kan starte opp fisket sitt allereie frå årsskifte, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei pressemelding.

Følgjer forskarane sitt råd
Avtalen som vart skriven under på onsdag inneber ein nedgang frå kvoten i 2022 som var på 794.920 tonn. Det er det same som kvoteråda frå havforskarane låg på for 2023, ein nedgang på 1,6 prosent frå kvoteråda i fjor.

– Eg er svært fornøgd med at vi endeleg har fått fastsett ein totalkvote for makrellen. Dette er noko vi har jobba for i lang tid og som betyr mykje for fiskarane og for ei berekraftig forvaltning av denne viktige fiskestammen, seier Skjæran.

Publisert: 07.12.2022 11:53

Sist oppdatert: 07.12.2022 12:08