Den digitale valkampen blir viktigare
DØRBANKING: Truleg blir det mindre av dette ved stortingsvalet i år. Statsminister Erna Solberg (H) på husbesøk hos Pål Kristian Selbo i Oslo i september 2019. 
Nytt

Den digitale valkampen blir viktigare

Smittevernkrav tvngar partia til å tenkje nytt.

08.02.2021
(NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug): Valkampane i Noreg har vore prega av banking på dører, store arrangement og stands ved knutepunkt. Men i år tvingar smittevernkrav partia til å tenkje nytt.
– Vi kjem ikkje til å følgje i Trumps fotspor med store valkampsamlingar eller møte og aktivitetar fullstendig på tvers av smitteråd, fastslår MDGs partisekretær Torkil Vederhus i ein e-post til NTB.
Den amerikanske presidentvalkampen var ein stilstudie i ulike inngangar til valkamp under ein pandemi. Der utfordraren Joe Biden satsa på digital valkamp med få store arrangement i det hardt koronaramma landet, valde sitjande president Donald Trump dei tradisjonelle valmøta og dørbankinga.

Koronapandemien vil dominere

No skal norske parti gjere dei same vurderingane. Stortingsvalkampen 2021 blir dominert av koronapandemien på alle måtar. For enkelte gir det utfordringar.
– I verste fall kan det bli ei stor utfordring, det avheng av smitte- og vaksinesituasjonen i juni til september. Senterpartiet har som tradisjon å ha stands over heile landet i valkampen, og politikarane og medlemmene våre er sosiale personar som likar å ta ein kaffikopp med naboar, venner og familie og då også snakke politikk, skriv Senterpartiets generalsekretær Knut M. Olsen i ein e-post.

Tilbakehaldne om metodar

Andre parti ser på pandemien som ei moglegheit for å utvikle seg.
– Vi har utvikla nye idear og metodar tilpassa situasjonen, men som heilt sikkert kan fornye òg framtidige valkampar, skriv Høgres generalsekretær Tom Erlend Skaug i ein e-post.
Ikkje overraskande er partia tilbakehaldne om kva slags metodar dei har planar om å bruke. Det er likevel brei semje om at den digitale valkampen vil bli viktigare.
– Det ville skjedd òg utan ein pandemi, meiner Skaug.
Arbeidarpartiets partisekretær Kjersti Stenseng seier partiet hennar vil satse på ei meir tradisjonell kommunikasjonsform.
– Når vi ikkje kan ringje på folks dører, vil vi ringje med telefonen. Direkte veljarmøte gjennom samtalar på telefon vil i alle fall i starten av valkampen erstatte husbesøk og utdeling av roser og anna materiell, seier Stenseng.

Ventar same smittesituasjon som sist sommar

Også den største politiske festivalen i landet førebur seg på at koronapandemien vil prege arrangementet.
– Vi planlegg for at Arendalsveka 2021 blir gjennomførte med fysiske arrangement i Arendal, men det vil òg vere mogleg å følgje store delar av veka digitalt, seier ordførar Robert C. Nordli (Ap) i Arendal, som også er leiar for rådet som arrangerer Arendalsveka.
SVs valkampsjef, Kristian Fosse Fjellanger, stadfestar at partiet jobbar ut ifrå at smittesituasjonen og koronatiltaka i august vil vere dei same eller verre enn i august 2020. Det meiner han ikkje berre vil føre til meir digital valkamp, men også fleire førehandsstemmer.
– Det gjer jo at valkampen startar tidlegare, når valet då i realiteten varer frå 12. august til 13. september, skriv Fjellanger.

Gjorde erfaringar i 2020

Fleire parti har sett til det amerikanske dømet i noka grad. Andre føretrekkjer å hente inspirasjon frå meir nærliggjande trakter.
– Vi samarbeider godt med søsterpartia våre i Norden og byter idear, og følgjer med på andre internasjonale politiske kampanjar. Vi gjorde oss òg nokre verdifulle erfaringar i 2020, då vi arrangerte digitale 1. mai markeringar og gjorde andre større digitale prosjekt og arrangement, skriv Fjellanger.
– Vi har brukt noko tid på å undersøkje erfaringane frå Demokratanes i hovudsak digitale valkamp for å sjå kva vi eventuelt kan overføre til norske forhold. Det gjeld kanskje særleg korleis dei har jobba med den direkte veljarkontakten, skriv Venstres generalsekretær Marit Meyer.
Ho legg til at koronapandemien allereie har ført til endringar i måten Venstre opererer på i det daglege. Mellom anna har alle toppkandidatar vorte digitalt skolerte. Meyer meiner det kan hjelpe eit lite parti som Venstre at valkampen blir over flytta på digitale flater.
– Vi trur smittevernreglane vil påverke valkampen fram mot sommaren i relativ stor grad. Så finst det òg nye moglegheiter, konkluderer generalsekretæren.

Styresmaktene førebur seg

Fleire førehandsstemmer har vore ein gjennomgåande trend i ei rekkje land som har halde val under koronapandemien. Berre 32 prosent av veljarane stemde på valdagen då New Zealand valde parlament i oktober. I USA valde nesten 100 millionar å førehandsstemme eller brevstemme.
Ei arbeidsgruppe regjeringa har nedsett for å vurdere smitteverntiltak knytt til valet, skriv òg i rapporten sin at det blir venta fleire førehandsstemmer i år. Dei tilrår òg at moglegheitene for å førehandsstemme blir utvida og lokale blir opna på stader som seniorsenter, og åtvarar mot at oppteljinga kan ta lengre tid i år grunna auken i talet førehandsstemmer.
19. februar skal regjeringa etter planen leggje fram forslag til mellombelse endringar i kommunelova og vallova, slik at stortingsvalet kan gjennomførast på smittevernvennleg måte.

Planlegg for alle scenario

På ein pressekonferanse 29. januar la statsminister Erna Solberg (H) fram tre scenario for utviklinga av pandemien: eit optimistisk scenario der mutasjonar blir haldne under kontroll og den vaksne befolkninga er ferdigvaksinert før sommaren, eit mellomscenario der vaksinane er forseinka og mutantane får fotfeste, og eit pessimistisk scenario der både kampen mot virusmutasjonar og vaksinasjon går dårlegare enn venta.
– Det er nødvendig å ha beredskap for alle dei tre scenarioa statsministeren skisserte. Dette har betydning for det arbeidet alle kommunar no må gjere fram mot valet. Sjølv om ein kommune ikkje har hatt smittetilfelle hittil, må det planleggjast for at valet skal kunne gjennomførast òg om det oppstår lokale smitteutbrot under valet, skriv kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) i ein e-post til NTB.
Arbeidsgruppa som kartlegg dei økonomiske konsekvensane av koronasituasjonen for kommunesektoren, vil òg vurdere kostnaden av å avvikle valet på smittevernvennleg måte.
– Spørsmål om kompensasjon vil bli vurdert på grunnlag av kartlegginga til arbeidsgruppa, skriv Astrup.
(©NPK)

Publisert: 08.02.2021 08:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14