Solstad har presentert tal for første kvartal for Solship Invest 1, som er flåten Skudenes-konsernet overtok frå Åge Remøy og Rem Offshore i slutten av 2016.
Totalt segla flåten inn 141,6 millionar kroner i årets tre første månader, og driftsresultatet vart positivt med 1,7 millionar kroner.
Solstad-konsernet har store økonomiske problem med over 30 milliardar i gjeld, og Solship Invest 1 er det einaste selskapet under Solstad-paraplyen der ein så langt har klart å handtere gjelda.
I den gamle Rem-flåten er det ei samla langsiktig gjeld på 3,6 milliardar kroner.
Nordic Trustee opplyser på sin side til obligasjonseigarane i Solship Invest 1 at den pågåande restruktureringa for konsernet kan få konsekvensar for obligasjonseigarane i det gamle Rem-lånet, men at ein så langt ikkje har mottatt informasjon til å bringe vidare.
Solstad-aksjen har elles fått seg ein opptur siste vekene, og nesten dobla seg på fjorten dagar etter at ratene har auka, spesielt for større PSV-ar.
Totalt segla flåten inn 141,6 millionar kroner i årets tre første månader, og driftsresultatet vart positivt med 1,7 millionar kroner.
Solstad-konsernet har store økonomiske problem med over 30 milliardar i gjeld, og Solship Invest 1 er det einaste selskapet under Solstad-paraplyen der ein så langt har klart å handtere gjelda.
Minus 29 millionar
Totalt vart det i første kvartal betalt renter i Solship Invest 1 for 33 millionar kroner, noko som bidrog til at resultatet før skatt enda på minus 29 millionar kroner.I den gamle Rem-flåten er det ei samla langsiktig gjeld på 3,6 milliardar kroner.
Kjøpt seg tid
Solstad har nyleg opplyst at ein har inngått avtale med dei sentrale kreditorane om å sleppe å betale renter og avdrag på gjelda i dei øvrige delene av konsernet fram til 31. oktober i år.Nordic Trustee opplyser på sin side til obligasjonseigarane i Solship Invest 1 at den pågåande restruktureringa for konsernet kan få konsekvensar for obligasjonseigarane i det gamle Rem-lånet, men at ein så langt ikkje har mottatt informasjon til å bringe vidare.
Solstad-aksjen har elles fått seg ein opptur siste vekene, og nesten dobla seg på fjorten dagar etter at ratene har auka, spesielt for større PSV-ar.
Publisert: 02.07.2019 05:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36