Kjersti Kleven 2
TAP: Eigarskapen til Kjersti Kleven og systera i industrisatsinga Prodtex ga milliontap. Ho er likevel med vidare på den nye satsinga. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tapte millionar på Prodtex-investering

No er industrisatsinga i gong med nytt selskap.

Marius Rosbach
24.06.2025

Kjersti Kleven og systera Annelise Kleven Godø tapte drygt 6,6 millionar kroner som følgje av konkursane i Prodtex i fjor. 

Det kjem fram i 2014-rekneskapen til John Kleven AS.

Samtidig er det klart at industrisatsinga no er i gang att i selskapet Prodtex Norge. 

Nett No omtala i april at gründerane ville starte på nytt, og det nye selskapet blei registrert i mai månad. 

– Bra med oppdrag frå starten av 
– Vi har starta med mange av dei tilsette vi hadde tidlegare. Dermed har vi bevart mykje av kompetansen i selskapet og har med oss mykje erfaring, fortel dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand til Nett No. 

Selskapet skal levere produksjonsteknologi og -celler, samtidig som dei skal ha ei tynge digital satsing. 

– Vi har bra med oppdrag frå starten av og har halde på mange kundane. No jobbar vi vidare mot ein lovande marknad, legg han til. 

Er framleis storeigar i Myklebust-verftet
Kjersti Kleven fortel til Nett No at ho er med vidare som eigar i det nye Prodtex-selskapet via Kleven & Co Invest, som ho eig saman med borna. Ho er også styreleiar – slik ho var i det førre Prodtex-selskapet. 

John Kleven AS er framleis storeigar i Myklebust-verftet med kring 18 prosent av aksjane i eigarselskapet til Sande-verftet. 

Eigarskapen  utgjer den største verdien i investeringsselskapet til Kleven-systrene. Den bokførte verdien for aksjane ved utløpet av 2024 var på drygt 30 millionar kroner.

Publisert: 24.06.2025 13:00

Sist oppdatert: 24.06.2025 13:33

Mer om