For alle praktiske formål er Lefdal Mine Datacenter no utseld, fortel dagleg leiar Jørn Skaane til Nett No.
Datasenteret er straumslukande bedrifter. Og kundane som datasenteret ved Nordfjorden har per i dag, legg beslag på den straumen dei har tilgang til.
Plass er det nok av i gruva, men skal den utnyttast treng selskapet meir straum.
Per i dag er det førebels nok straum, men etter kvart som datalagring- og databehandlingsanlegga som kundane skal ha er ferdigbygd og tatt i bruk, vil taket vere nådd. Det skjer i slutten av 2027, ifølgje Skaane.
Ketchup-effekt
Det er kombinasjonen av godt arbeid gjennom fleire år, kombinert med at bruk av kunstig intelligens som gjer at Lefdal Mine Datacente treng mykje meir straum enn før.
Arbeidet anlegga må gjere er rett og meir omfattande, og då går straummålarane raskare.
Det har skapt ein ketchupeffekt som blant anna viser seg i veksten i inntektene til selskapet frå 2023 til 2024 (sjå tabell under).
| Lefdal Mine Datacenter AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 172,2 | 36,3 |
| Driftsresultat | 31,8 | -49,6 |
| Resultat før skatt | -21,8 | -81,4 |
Skaane seier selskapet byrja å sjå etterspørselsauke på grunn av bruk av kunstig intelligens for tre år sidan. Og veksten har vore raskare enn selskapet venta.
Større aktivitet med bygging og drift av datalagringsenteret har også skapt fleire arbeidsplassar. Arbeidsstokken i selskapet er no i underkant av 40, mot 25 årsverk i gjennomsnitt i fjor.
I tillegg kjem tilsette i firma med oppdrag i den tidlegare gruva. Dagleg er det snakk om 100-150 personer i arbeid i gruva, seier Skaane.

Uvisse om når det kjem straum
Å utvide den opphavlege kapasiteten som selskapet fekk tilgang til - frå 20 til 60 megawatt - gjekk greit.
Om - og når - selskapet får 120 megawatt i tillegg, slik det er snakk om, er heilt uvisst.
Problemet er både manglande kraftproduksjon og eit linjenett som gjer det vanskeleg å få krafta fram. I tillegg er det mange om beinet.
– Det er kamp om straumen i Noreg. Alle vil ha straum seier Skaane.
Vurderer å etablere seg andre stadar
Kombinasjonen av stor etterspørsel og mangel på straum gjer at selskapet har vurdert å etablere seg andre stadar enn Lefdal.
Då er både andre stadar i Noreg og i utlandet aktuelle. Selskapet har Finland som det mest nærliggande landet å etablere seg i, men Skaane understrekar at noko avgjerd langt frå et tatt.
Ombygd gruve
Lefdal Mine Datacenter ligg i den tidlegare olivingruva i i Lefdal, mellom Nordfjordeid og Måløy.
Datasenteret opna i 2017, med ei rekkje lokale investorar som grunnleggarar og medeigarar.
Eit fond forvalta av det amerikanske investeringsselskapet Columbia Threadneedle Investments kjøpte ut dei lokale eigarane og grunnleggarane, og blei ny storaksjonær i Lefdal Mine Datacenter i 2020.
Blant seljarane var Sogn og Fjordane Energi, Coast Seafood, og selskap med Gunnar Carlson, Svein og Kristian Skibenes, Sindre Kvalheim, Rune Mykletun, Vidar Furnes og Vidar Saltkjel som medeigarar.
Publisert: 25.06.2025 05:00
Sist oppdatert: 24.06.2025 23:56






