Den gamle Rem flaaten i minus
SOLSTAD: Normand Jarstein, tidlegare Rem Pioner, bidrog til at Solship Invest 1-selskapa til Solstad segla inn 141 millionar kroner i første kvartal.
Nytt

Den gamle Rem-flåten i minus

Solstad slit med gjelda, men betalar framleis renter for den gamle Rem-flåten.

02.07.2019
Solstad har presentert tal for første kvartal for Solship Invest 1, som er flåten Skudenes-konsernet overtok frå Åge Remøy og Rem Offshore i slutten av 2016.
Totalt segla flåten inn 141,6 millionar kroner i årets tre første månader, og driftsresultatet vart positivt med 1,7 millionar kroner.
Solstad-konsernet har store økonomiske problem med over 30 milliardar i gjeld, og Solship Invest 1 er det einaste selskapet under Solstad-paraplyen der ein så langt har klart å handtere gjelda.

Minus 29 millionar

Totalt vart det i første kvartal betalt renter i Solship Invest 1 for 33 millionar kroner, noko som bidrog til at resultatet før skatt enda på minus 29 millionar kroner.
I den gamle Rem-flåten er det ei samla langsiktig gjeld på 3,6 milliardar kroner.

Kjøpt seg tid

Solstad har nyleg opplyst at ein har inngått avtale med dei sentrale kreditorane om å sleppe å betale renter og avdrag på gjelda i dei øvrige delene av konsernet fram til 31. oktober i år.
Nordic Trustee opplyser på sin side til obligasjonseigarane i Solship Invest 1 at den pågåande restruktureringa for konsernet kan få konsekvensar for obligasjonseigarane i det gamle Rem-lånet, men at ein så langt ikkje har mottatt informasjon til å bringe vidare.
Solstad-aksjen har elles fått seg ein opptur siste vekene, og nesten dobla seg på fjorten dagar etter at ratene har auka, spesielt for større PSV-ar.

Publisert: 02.07.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36