Pretre lagar takstolar og andre prefabrikerete trekonstruksjonar og har fått svi kraftig for nedturen til kundane i byggebransjen.
Færre hus og hytter betyr også færre oppdrag for Pretre, som i tillegg til hovudkontor og anlegg i Stryn har verksemd i Gausdal, Brumunddal og Jæren.
Byggemarknaden har hatt ei «drastisk negativ utvikling i 2024», skriv selskapet i årsmeldinga.
I 2022 selde selskapet for 540 millionar kroner og fekk eit overskot på 29 millionar. I fjor var inntektene meir enn halvert (sjå tabell under).
Dei to siste åra er resultatet før skatt til saman 116 millionar kroner.
| Pretre AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 247,8 | 323,2 |
| Driftsresultat | -53,7 | -56,1 |
| Resultat før skatt | -58,6 | -58,1 |
Færre tilsette
Nedturen og underskota har mellom anna gått ut over dei tilsette.
I løpet av 2024 vart arbeidsstokken redusert med omlag 20 prosent, til 106 årsverk ved årskiftet 2024/2025. Samtidig vart avdelinga i Tvedestrand lagt ned. I 2023 la selskapet ned verksemda si i Steinkjer.
Målet er å klare å gå med overskot med lågare inntekt enn før.
Ferd-konsernet
Pretre er er ein del av Mestergruppen, ei kjede av tilsvarande verksemder, som er eigd av Ferd-konsernet. Ferd-konsernet er i sin tur eigd av Johan Andresen og to døtre.
Publisert: 25.06.2025 09:34
Sist oppdatert: 25.06.2025 09:34






