(NPK-NTB-Marius Helge Larsen og Amalie Vadla): Den ferske LO-leiaren er ikkje redd for å seia kva ho meiner. No tek Kine Asper Vistnes sikte på raudgrøn valsiger og betre vilkår for arbeidsfolk.
– Eg har ikkje hatt nokon intensive veker, men dette her er jo heilt fantastisk spennande. Så no gler eg meg veldig til å komma i gang med det arbeidet som vi skal gjera, seier Vistnes.
For to veker sidan visste ho ikkje at toppvervet i LO venta på henne. Men etter at Jørn Eggum, leiar i Fellesforbundet, trekte kandidaturet sitt, vart ho storfavoritt til å bli den neste leiaren av LO.
48-åringen kjem frå Fellesforbundet, der ho sidan 2022 har vore nestleiar – den første kvinnelege nokosinne. Ho har òg bakgrunn som industriarbeidar og tillitsvald på kabelfabrikken Nexans på Langhus.
Tre hovudoppgåver
Den ferske LO-leiaren seier at ho har tre hovudoppgåver framfor seg:
- Raudgrøn valsiger i valet i haust
- Få nye yrkesgrupper inn i LO – og nå dei unge
- Styrkja partssamarbeidet
Vistnes seier ho vil vera ein samlande leiar og skal streva etter å få til det.
– Det handlar vel om at du kan sjå folk, lytta til folk, ha gode prosessar, og at ein òg klarer å ta med flest mogleg i dei avgjerdene som blir gjorde, og at dei blir gjorde på ein god måte, seier ho til NTB.
Vil framleis «grusa høgresida»
Det skapte overskrifter i fleire medium då ho tidlegare i veka sa at ho skulle «grusa høgresida».
Det trekkjer ho ikkje tilbake, men beskriv seg sjølv som ein som uttrykkjer seg tydeleg. LO-leiaren er tydeleg på at det er ein raudgrøn valsiger ho vil ha.
– Det er heilt naturleg for oss at vi står på i valkampen for å få politikarar som deler våre verdisyn og vil kjempa for våre politiske saker. Vi er ikkje eit politisk parti, men vi har sterke politiske meiningar, og vi har sterke politiske interesser.
Ved å samla venstresida håpar Vistnes at det skal bli mindre skilnader i samfunnet, og at LO skal komma styrkt ut.
Nå dei unge
– LO er stor og sterk, men vi treng å bli endå meir attraktive for fleire yrkesgrupper og ikkje minst for unge medlemmer, seier Vistnes.
Det vart ein klar siger til dei borgarlege i det førre skulevalet.
– Kvifor skal unge i dag ha lyst til å bli LO-medlemmer?
– Det må vi spørja ungdommen om og kva dei er opptekne av. Eg har jo god erfaring frå Fellesforbundet, der vi lykkast med å nå ut til ungdom og organiserte masse dyktige og unge tillitsvalde. Og den erfaringa mi vil eg ta med meg vidare, seier ho.
Vil styrkja trepartssamarbeidet
Då det torsdag ettermiddag vart kjent at Vistnes er ny leiar av LO, var NHO-sjefen raskt ute med gratulasjonen.
– Eg ser fram til framleis godt samarbeid med LO om viktige saker for norsk nærings- og arbeidsliv, sa Ole Erik Almlid, administrerande direktør i NHO.
Ho representerer arbeidstakarane og han arbeidsgivarane. Men i trepartssamarbeidet jobbar dei saman med staten i arbeidslivsspørsmål.
Vistnes skal jobba for å styrkja det samarbeidet.
– Tryggleik for arbeidsfolk og økonomi står høgt for oss. Det er òg den norske modellen ein nøkkel til. Det er jo arbeidsfolka som skaper verdiane i Noreg. Det er heilt essensielt at samspelet mellom offentleg og privat sektor er ein grunnplanke for å få dette til.
Følsvik: – Kul dame
Ho takkar forgjengaren Peggy Hessen Følsvik for leiarskapen sidan mars 2021, då Hans-Christian Gabrielsen brått døydde av hjartesvikt.
– No er jo dette styrt på ein fantastisk måte av Peggy i den perioden ho har sete, og no skal vi byggja vidare på det gode arbeidet som er gjort, seier Vistnes.
Følsvik er sikker på at etterfølgjaren kjem til å gjera ein god jobb.
– Kine er ei kul dame, så dette kjem ho til å handtera veldig fint, sa Følsvik til NTB då Vistnes vart vald til ny LO-leiar.
– Ho kjem inn i ein stor organisasjon med mange ressursar på alle måtar, så det er eg sikker på skal gå veldig bra. Og så må ho ta seg tid til å pusta med magen og både bli kjend og finna seg til rette i LO.
(©NPK)
Publisert: 09.05.2025 10:01
Sist oppdatert: 09.05.2025 10:01






