Stokke Martha jorgenvag Yoga foto Marius
ÅLESUND: Martha Jørgenvåg leiar innovasjonsavdelinga til Stokke frå Ålesund. Her med ein prototype av det nye produktet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Den største nyheita frå Stokke på fleire år

Lanserer barnestol med vippe- og svingfunksjon.

Marius Rosbach
04.03.2025

Stokke-konsernet lanserer tysdag ei av dei største satsingane dei har gjort på ei årrekke. Nyvinninga Stokke Yoga er ein ny barnestol med vippe- og svingfunksjon.

Martha Jørgenvåg ved hovudkontoret til Stokke i Ålesund fortel at den er laga for å både aktivisere, og å roe barnet ved at dei nyttar kroppen til å bevege seg.

– Dette er den første store innovasjonen vi lanserer på mange år, seier leiaren for innovasjonsavdelinga til Nett No.

Stokke Yoga med barn foto stokke
TO I EITT: Med den nye barnestolen får ein både sving- og vippefunksjon i eitt. Stokke Yoga blei lansert internasjonalt på tysdag. Foto: Stokke

– To funksjonar i eitt produkt
Bakgrunnen for det nye produktet er at Stokke fann ut at mange kundar i marknaden først kjøpte ein vippestol – og deretter ein ny stol med svingfunksjon.

– Her har du to funksjonar i eitt produkt, med ein mekanisk løysing som utgjer sjølve innovasjonen, fortel Jørgenvåg.

Mekanismen med fjører er patentert og skjult i ryggen på stolen. Stolen blir enkelt montert på ein fot, også er den klar til bruk.

– Den skal sjå bra ut og vere eit møbel som gjerne kan nyttast i stua, seier ho.

Vil sette ein ny standard
I pressemeldinga blir det opplyst at det Stokke Yoga skal sette ein ny standard for vippestolar for barn.

Det nye produktet er utvikla i samarbeid med fysioterapeutar og det er naturlegvis teke patent på løysinga. Undervegs er det også gjort undersøkingar og testar i nøkkelmarknadene USA, Kina og Europa. 

Vippestolen har tre ulike stillingar tilpassa ulike stadium i barnet sin utvikling. Den passar frå nyfødd opp til ni kilo, blir det opplyst. 

Publisert: 04.03.2025 16:21

Sist oppdatert: 04.03.2025 16:24

Mer om