Stokke Martha jorgenvag foto Marius
TILBAKE TIL ÅLESUND: Stokke-konsernet flyttar design- og prosjektleiing tilbake til Ålesund. Martha Jørgenvåg er nytilsett leiar for innovasjonsavdelinga. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Stokke blir fleire tilsette i Ålesund

Konsernet flyttar funksjonar tilbake til byen.

Marius Rosbach
10.12.2024

Bemanninga ved hovudkontoret til Stokke i Ålesund vil vekse det komande året. Etter at design og prosjektleiinga for nokre år sidan blei flytta vekk frå byen, skal desse funksjonane no tilbake til Sunnmøre.

Det inneberer at tilsette blir flytta frå tyske Stuttgart og Amsterdam i Nederland, til Ålesund. Til saman er det snakk om kring ti stillingar. 

– Om vi verkeleg skal jobbe effektivt og bygge opp ein sterkare kultur for innovasjon, må vi ha design- og prosjektleiing hit, fortel Marthe Jørgensvåg som er nytilsett i rolla som leiar for innovasjonsavdelinga, til Nett No.

Måndag fekk dei tilsette beskjed om endringane.

Det er her hjartet av merkevara er, og vi ønsker at innovasjonsarbeidet skal vere nært det
Martha Jørgenvåg

– Her hjartet av merkevara er
Jørgenvåg har 14 års erfaring i ulike funksjonar innan sal og marknadsføring i Stokke. Med hennar rolle på plass i Ålesund, blir det også første gong på mange år at denne funksjonen er her i byen. 

Ho fortel at det er fleire grunnar til at det er rett å samle temaet som jobbar med design og prosjektleiing i byen. Ein ting er at ingeniørane med alt sitt utstyr har vore her heile tida. 

– Vi har allereie infrastrukturen på plass her. Samtidig er Ålesund hovudkontoret til Stokke. Det er her hjartet av merkevara er, og vi ønsker at innovasjonsarbeidet skal vere nært det, seier ho.

Stokke Marius Halvorsen Martha Jorgenvag Hugo Ulstein foto Marius
SKAL HA FLEIRE TILSETTE: Stokke skal ha fleire nye tilsette ved hovudkontoret i byen i tillegg til innovasjon- og prosjektleiing. Frå venstre: HR-sjef Marius Halvorsen, leiar for innvasjonsavdelinga Martha Jørgenvåg og leiar for det kommersielle arbeidet, Hugo Ulstein. Foto: Marius Rosbach

Skal tilsette fleire i Ålesund
Dei siste åra har dei som jobbar med design og innovasjon i Stokke, vore spreidd fleire ulike plassar i verda. 

– Det har ikkje vore optimalt. Det er eit tverrfagleg arbeid der mykje går ut på at ein må ta og kjenne på material, sjå fargar og prototypar. Det er vanskeleg å gjere på Teams, legg Jørgenvåg til. 

Å bemanne opp innovasjonsavdelinga vil truleg innebere utlysing av både design- og ingeniørstillingar i byen. I tillegg til skal dei tilsette minst ein jurist og ein person på finans i løpet av kort tid. 

– Vi har óg flytta funksjonar frå Oslo til Ålesund, og til vår relativt nye hub i Amsterdam, fortel Jørgenvåg. 

Ein viktig grunn til å velje den nederlandske hovudstaden, er moglegheita til å fly direkte frå både Ålesund, Shanghai og New York, der Stokke også held til. 

Har blitt færre i Ålesund siste åra
Hovudkontoret til Stokke Ålesund har også funksjonar for alt frå finans, HR og marknad, til it og logistikk. 

Samtidig som konsernet dei siste åra har blitt fleire tilsette, er det blitt færre årsverk i Ålesund. Av dagens 392 årsverk, er det kring 60 som jobbar her i byen. 

I løpet av den neste tida vil trenden snu som følgje av nysatsinga, og om eit halvår reknar dei med å vere oppe i kring 75 Stokke-tilsette i Ålesund.

Nyleg fekk konsernet også ny konsernsjef og styreleiar på plass. Etter kring fem år med danske Jacob Kragh ved roret, er det no briten Rob Webster som er toppsjef i Stokke. 

Ser fleire fordelar
Hugo Ulstein leiar det kommersielle arbeidet i milliardkonsernet frå Ålesund som CCO - eller chief commercial officer. Han har vore ein del av toppleiinga i Stokke sidan 2017. 

Då Ulstein blei bedt om å leie arbeidet med å endre strukturen til innovasjonsavdelinga, vart det tidleg klart at det ville vere viktig å reetablere design og prosjektleiing saman med ingeniørane i Ålesund, fortel han. 

Han ser også fordelar med å kople desse til dei historiske røtene desse faga har gjennom møbel- og skipsindustrien i regionen. 

– Lettare å rekruttere frå utlandet, enn frå Oslo
Ulstein meiner utviklinga til ein meir mangfaldig by har gjort det meir attraktivt å flytte til Ålesund. Og med det - enklare å rekruttere nye medarbeidarar. 

– Det er blitt eit veldig sterkt internasjonalt miljø i byen, påpeiker Ulstein som sjølv har jobba globalt for Stokke i 18 år med base i London, Paris og Barcelona, før han flytta tilbake med familien til Ålesund.

Konsernet har allereie eit arbeidsmiljø med 11-12 ulike nasjonalitetar i Ålesund. Ein av dei siste som blei tilsett, er ein amerikansk surfar frå San Diego, som blei lokka av bølgjene på Nordvestlandet. 

– Det er lettare å rekruttere frå utlandet, enn frå Oslo. Mange vil hit på grunn av livsstilen og fordi det er mogleg å stå på ski, gå i fjellet eller surfe, legg Martha Jørgenvåg til.

Publisert: 10.12.2024 05:00

Sist oppdatert: 12.12.2024 17:14

Mer om