Etter fleire år med nye omsetningsrekordar har Stokke retta merksemda mot korleis dei kan auke inntektene endå meir.
CCO - eller chief commercial officer - Hugo Ulstein ser eit enormt potensiale til å supplere den organiske veksten frå kjende merkevarer som Tripp Trapp og barnevogna Yoyo, med nye produkt dei jobbar med.
– Målet vårt er å doble omsetninga til Stokke innan 2029. Det krev både innovasjon og at vi får halde på dei flinke folka vi allereie har, seier Hugo Ulstein som leiar det kommersielle arbeidet i konsernet med tittelen «chief commercial officer», til Nett No.
Nett No kjenner ikkje omsetninga til konsernet i 2024. Ei dobling frå 2023-nivået vil innebere at inntektene skal opp frå 3,5 til 7 milliardar kroner i løpet av ein femårsperiode.
Tripp Trapp framleis hovudproduktet
Ulstein fortel at konsernet for nokre år tilbake la ein plan for å få meir sal av Tripp Trapp-stolen. Møbelklassikaren som Peter Opsvik designa i 1972 er framleis Stokke sitt hovudprodukt.
– Då Tripp Trapp-stolen hadde vore på marknaden i nær 50 år, klarte vi likevel å doble salet frå 2018 til 2021. Så potensialet ligg der, seier han.
For å nå måla gjer konsernet fleire grep. Tysdag kunne Nett No fortelje at Stokke flyttar funksjonar for design- og prosjektleiing tilbake til Ålesund. Ulstein påpeiker byen er viktig for konsernet.
– Det er utruleg mykje dyktige folk i Stokke over heile verda som har levert denne veksten, som er framleis er avhengige av, legg han til.
– Har gitt ein fantastisk profitabel vekst
Barneutstyrsprodusenten tok for nokre år sidan valet om å kutte ut ein del produkt og stenge konseptbutikkane.
– Det kan ein sjå på som å skalere ned, men for oss dreia det seg om å refordele ressursane inn mot det som har gitt ein fantastisk profitabel vekst til no, seier Ulstein.
– No skal vi bruke den posisjonen til å akselerere selskapet endå meir og vi meiner at det framleis er mykje meir potensiale, legg han til.

Spekulasjonar om sal
Stokke starta som ein møbelprodusent, og snudde seg etter kvart mot marknaden for møblar og utstyr til barn – ikkje minst barnevogner.
I 2013 blei det til då familieigde konsernet kjøpt av sørkoreanske NXC.
I samband med ein aksjonærtvist i fjor blei det kjent at det var innhenta tilbod frå fleire meklarhus for bistand i ein salsprosess av Stokke. Eigarane sjølv har ikkje kommentert spekulasjonane om at ei sal kunne skje i løpet av 2024.
Hugo Ulstein vil heller ikkje kommentere spørsmål om eit mogleg sal, men seier følgjande om eigarskapet:
– Dei er ambisiøse på vegner av selskapet, og det er utruleg kjekt.
Publisert: 11.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 10.12.2024 22:07