IDC salen foto Marius 11
GISKE: IDC-konferansen ved Øygardshallen i fjor sette besøksrekord med kring 400 menneske. Årets konferanse er komande torsdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Den store konferansedagen

Teknologi, leiing og fisk samlar hundrevis til konferanse og seminar same dag.

Marius Rosbach
20.10.2023

Komande torsdag 26. oktober er ein sjeldan innhaldsrik dag for konferansar og seminar på Nordvestlandet.

På Giske går industridesignkonferansen IDC av stabelen, medan Leiarkonferansen blir arrangert i Ulsteinvik og i Brattvåg blir det invitert til Robotek-seminar.

Besøksrekord på Giske i fjor
Til saman vil arrangementa samle hundrevis av menneske. IDC på Giske har størst kapasitet og sette besøksrekord i fjor med kring 400 personar i salen.

Her samlast designindustrien med studentar og inviterte gjestar til foredrag og underhaldning i Øygardshallen. I år skal mellom anna Vard og Hurtigruten fortelje om arbeidet med å utvikle eit konsept for nullutslepp i saman.

Sjå program (ekstern lenke)

Nortel-sjef til Ulsteinvik
I Ulsteinvik siktar dei seg inn mot ein plass mellom 150-200 deltakarar til Leiarkonferansen.

Anna Klara Måseide i Ulstein Næringsforum fortel at dei ligg godt an med påmeldinga og at det kjem folk frå store delar av regionen.

Konferansen får mellom anna besøk av tidlegare Nortel-sjef Christian Pritchard og teknologigründer Isabelle Ringnes.

Sjå program (ekstern lenke)

Kunstig intelligens i Brattvåg
Robotek-seminaret i Brattvåg blir arrangert for 9. gong same dag. Her skal mellom anna Equinor snakke om additiv produksjon og deltakarane vil få vite korleis industrien kan gjere seg nytte av kunstig intelligens.

Primus Motor Arne Tande fortel til NETT NO at dei har eit mål om 150-200 deltakarar, og ligg greitt an til å nå det ei veke før seminaret.

Publisert: 20.10.2023 10:06

Sist oppdatert: 20.10.2023 10:06

Mer om