Torsk frank gregersen
TORSK: Fem veker med laksefôr på menyen påverka ikkje torskefileten. Foto: Frank Gregersen, Nofima.
Nytt

Denne karen tek ikkje skade av laksefôr

Torsk som et pellets har same kvalitet som annan villfisk.

NPK
10.01.2022

Eit forsøk med korttidsfôring av torsk tyder på at kvaliteten til villfisk som beitar ved oppdrettsanlegg, ikkje tek skade av å ete laksefôr.

Det er forskingsinstituttet Nofima som har gjennomført eit forsøk over fem veker der torsk fekk laksefôr, og dei har slått fast at det ikkje gjekk ut over fiskefileten.

Nofima gjorde forsøket som del av eit prosjekt for å skaffe kunnskap om korleis marine næringar kan leve godt saman.

Skepsis til «pelletssei»
Først gjorde dei ei undersøking blant nordmenn generelt for å sjekke kva dei tenkjer om såkalla «pelletssei», altså sei som et fôr utanfor oppdrettsanlegg.

Her kom det fram at berre menn over 60 år frå Nord-Noreg hadde ei meining om saka. Dei klaga over at det særleg er lukt, tekstur og utsjånad på fisken som blir påverka av ein pelletsdiett.

Små skilnader
For å vurdere kvaliteten, fôra forskarane ei lite gruppe villfanga torsk med pellets i fem veker før slakting.

– Vi klarte ikkje å finne mange signifikante skilnader mellom villfisk som hadde ete pellets og anna villfisk, seier postdoktor Ragnhild Aven Svalheim.

Ho slår fast at fisken hadde same tekstur, lukt og utsjånad som annan fisk, men filetspaltinga var ulik.

Ho meiner resultata tydar på at det ikkje er kva fiske et som betyr noko, men kor mykje han et som er avgjerande for kvaliteten.

Publisert: 10.01.2022 12:47

Sist oppdatert: 10.01.2022 14:28

Mer om